Stor jubel for sølv

Kretsfinale Rogaland gutar 14 år Etne – Tasta 2-5 (2-2) Etne stadion Dommar Nils Olav […]

Kretsfinale Rogaland gutar 14 år
Etne – Tasta 2-5 (2-2)
Etne stadion
Dommar Nils Olav Eintveit, Skjold

Mariann Tonning frå Rogaland fotballkrets hadde ikkje berre lovord til gullvinnarane frå Stavanger. Ho var også imponert over innsatsen til smågutelaget i Etne. Smila var breie då spelarane fekk sølvmedalje og handtrykk i neven frå representanten frå fotballkrinsen.
Med medaljen i lomma er dei det nest beste 14-årslaget frå Egersund til grensa mot Hordaland.

Godt som gull
— Det er stort i seg sjølv for oss å kome til kretsfinale. Sølv er nesten som gull for oss. Heile laget kjempa, men vi fekk ikkje heilt til spelet vårt, seier kaptein Stig Drange.
— Dessutan var det i grunn fortent at dei vann, supplerer Espen Jordal.
I innspurten før kampen trena dei særleg på det offensive spelet, men i finalen mot Tasta meiner midtstoppar Drange at dei sleit litt defensivt.
Men Etne-gutane heldt følgje med Tasta heilt til det var eit kvarter igjen av kampen då det plutseleg såg ut som det var trykt på ein brytar hos heimelaget. Tasta valsa opp i ei heilt anna takt enn Etne og produserte sjansar i fleng.
Det var den berømte lufta som blåste ut av ballongen etter at Etne hadde vore fullt på høgde med Tasta i trefjerdedelar av kampen.

Imponerte
Trenarane Olav Svendsen og Bjarne Sævereid er imponerte over innsatsen og meiner laget hadde sjansen til å dra det heile i land.
— Det rakna nok på slutten på grunn av forskjell i fysikken, så resultatet var fortent. Dei kjempa godt og er ein flott gjeng, seier Svendsen.
— Særleg slutten viste at Tasta har hatt eit tøffare serieprogram og er van med høgare tempo. Dei har nok spelt i ein serie med høgare nivå, seier Sævereid.
Dei meiner laget kan kome langt neste år dersom dei er treningsvillige og satsar på ein ny sesong.
— Men eg trur vi må trene tre gonger i veka dersom dei skal henge med på dette nivået neste år, seier Sævereid.

Gjæv finale
Etne tok leiinga i kampen med eit fint mål frå ti meter av Erik Sævereid. Deretter tok Tasta over og putta inn to mål. Men Etne utlikna rett før pause etter eit raid frå Amund Ekrheim der Peder Lauvås til slutt kunne pirke ballen i mål.
Smågutelaget er det første i Etne på fleire tiår som har vore i ein kretsfinale, og den første sidan Etne kom med i serien i Rogaland. Laget vann avdelinga si i 1. divisjon med rimeleg klar margin. I kvartfinalen slo dei ut Djerv 1919 heime og i semifinalen tukta dei Åkra borte.