Det srikanske bandet The Young Dubliners avslutta laurdagen og den delen av festivalen som gjekk føre seg i det store teltet. Bandet
var forventa å skulle skape mykje liv. Det svarte til forventningane frå første song, og festivalen kunne vel ikkje ende betre.
Fredagen størst
Stavangerbandet Stonefish Brigade sende årets første tonar ut i festivalteltet fredag kveld. Og sjølv om det ikkje var fullsett inne i teltet var jubelen stor blant dei oppmøtte.
Men medan Stonefish Brigade syntest det var kaldt i Vikedal, hadde skotske The Fortunate Sons problem med å halde sveitten i sjakk. Bandet som overraska dei fleste viser at Rootsfestival-leiinga har stort talent for å finne gode nykomarar. Publikum koste seg, og skottane hadde det fantastisk kjekt på scenen i Vikedal. Her rauk både felestrengar og gitarstrengar for kvartetten som gav ut debutalbum i juni i år.
Årets publikumsartist
Årets publikumsartist kom etter skottane. Til og med før dei var blitt annonserte hadde folk sikra seg ein plass framføre scenen. Dei var i Vikedal for første gong og har lenge vore på ønskelista for festivalen.
— Me har aldri vore i Vikedal før, men det ser lovande ut, sa ein heller beskjeden Aslag Haugen til dei omlag 3500 oppmøtte, som gjorde at fredagen blei den beste dagen i festivalen rekna i besøkande.
Noregs største rootsband hadde litt oppstartsproblem med lyd, men dette ordna seg raskt. Og om Aslag lite truleg skulle ha gløymt teksten denne kvelden var det heilt sikkert mange som kunne ha hjelpt han.