Møbelringen er ein av hovedsponsorane til det norske damelandslaget i handball. Sidan Ølen har eit aktivt handballmiljø tok Ole Strømø frå Møbelringen Etne kontakt og spurde om han skulle freista å få ein kjend spelar til å vitja klubben. Ølen har flest jentelag og den spelaren dei hadde høgast oppe på lista si var Håvard Tvedten frå Stord.
— Frå fyrste gong eg tok kontakt med han så var han positiv, men han har eit travelt program og denne helga var den einaste han hadde litt fri før jul. Tenk at me var så heldige å få han til å komma her til oss, seier Ole Strømø.
Sidan det er svært sjeldan at ein så stor idrettsprofil kjem til våre kantar fekk Ølen handballgruppe i stand eit samarbeid med handballgruppa i Skånevik. Dei tok turen til Ølen med jenter 15 pluss eit par jenter frå andre lag. Å få møte Tvedten var ein draum for mange. I løpet av dagen fekk dei ei treningsøkt med han og litt generell informasjon og instruksjon.
Ha det gøy
Tvedten har sjølv vore ung spelar med draumar om å bli proff. Eit av førebileta hans var Simen Muffetangen som spela på det norske landslaget.
— For ei tid tilbake spela eg på same lag som han, det var stort, smiler den sjarmerande handballspelaren.
— Det blir ikkje så mykje tid til slike opplegg som me har her i dag, me har eit tett program nesten heile tida. Men sidan eg kan hugse kor stort det var for meg og mitt lag å få vitjing frå landslaget så prøver eg å få tid til eit par, seier Tvedten.
Då han får spørsmål om kva som er naudsynt for å komme så langt som han, kjem svaret ganske kjapt:
— Ha det gøy! Den dagen det ikkje lenger er noko gøy å spele er tida komen for å legge opp. Driven etter pengar og heltestatus kan ikkje skape ein god spelar, ein må kose seg på banen. Og så må ein sjølvsagt trene masse.
Autografkø
Dei unge håpefulle som haddde møtt opp i Ølen idrettshall fekk alle signert og fotografert seg med helten. Den sympatiske stordingen smilte fint saman med alle som ville ta bilete med han og han skreiv autografar i hopetal. Tvedten står fram som eit strålande førebilete for dei unge, han er ein stjernespelar uten kjendisnykker. Og kanskje var han i helga med på å legge grunnlaget hos ein proffspelar frå vårt eige distrikt.