Storbrann i Vikebygd

Tindeland og Gangstø er mest herja av brannen, og det brenn sørover mot Dalselva. Fleire […]

Tindeland og Gangstø er mest herja av brannen, og det brenn sørover mot Dalselva. Fleire bustadhus og gardshus er evakuerte, på Tindeland, på Gangstø og i Lia.

Kvernhus brent
Eit to-tre hundre år gammalt kvernhus på Tindeland er brent ned, og verandaane på to hytter sørover mot Lia er delvis oppbrende. Flammane slikka heilt inn mot husveggene på begge desse fritidsbustadane, men det såg søndag kveld ut til at begge hyttene var berga.
Vanskeleg vind har gjort sløkkingsarbeidet vanskeleg. Då brannen starta, var det sønnavind. I løpet av ettermiddagen og kvelden skifta vinden fleire gonger, og utfordra brannmannskapet sitt arbeid.
Femti brannmenn og mannskap frå sivilforsvaret tok del i sløkkingsarbeidet søndag ettermiddag og kveld. Eit sløkkingshelikopter var i arbeid i fleire timar. Då brannen ikkje let seg sløkkja, måtte helikopteret ein tur til Bergen og fylla drivstoff. Det kom tilbake til Vikebygd, og heilt til mørkret kom pøste helikopteret vatn på småbrannane som truga bustadhus.

Mange frivillige
Svært mange vikebuar og folk frå nabobygdene stilte opp i sløkkingsarbeidet. Det var minst ti traktorar med gjødselstilhengjarar i arbeid for å sløkkja flammane. Dei fylte gjødselstanken i Nordre Tindelandstjørna, og pøste vatnet på flammane, om att og om att. Desse private ekstra-brannbilane var til stor hjelp i det vanskelege sløkkjearbeidet.
Marie Tindeland og familien hennar måtte evakuerast frå huset sitt. Ho trøysta seg med litt galgenhumor då ho såg på traktorane og brannhelikopteret som bombarterte det brennande graset bak huset hennar med vatn.
– Nå får me iallfall vaska huset, konstaterte ho med eit litt usikkert smil. Dei som er råka av brannen er fulle av godord og takk til dei mange bøndene som strøymde til med traktorar og sløkkingsutstyr, både frå Vikebygd og frå nabobygdene. Blant dei friviljuge på traktor hadde marie Tindeland blant anna observert ein bonde frå Bjoa, som ho visste hadde konfirmasjonsselskap for dottera denne dagen.

Spent på natta
Søndag kveld klokka 23 kunne operasjonsleiar Bjørn Alvseike ved Haugesund politistasjon konstatera at brannen er på veg oppover ei fjellside, og at brannen har blussa opp att rundt eit bustadhus på Tindeland.
– Me håpar å få helikopteret på plass att i morgon tidleg, sa Alvseike, som forsikrar om at brannmannskapa vil vera stasjonerte i området heile natta.
Tidleg måndag morgon brann det framleis, men det bles ikkje så mykje lenger. Dermed er det lettare for brannmannskapa å sikra bustadhusa.
Politiet har førebels ikkje noko teori om kva som starta brannen.