Store dagar for langrenns-rekruttar

– Det er flott å få lære litt av fagfolk, sa Kjetil Larsen og Thomas […]

– Det er flott å få lære litt av fagfolk, sa Kjetil Larsen og Thomas Vestbø då Grannar foreviga gjengen. I seks dagar trena Sandeid-gutane saman med nokre av verdas beste langrennsløparar. Estil, Bjørnås og kvinnelandslagstrenar Svein Tore Samdal heldt daglige treningøter med dei lokale langrennsløparane.
Det same gjorde Erik Røste, mangeårig landslagssjef som har hatt stor suksess med herrelandslaget. Han syntes det var moro at Vindafjord var representert på sommarskiskulen.
– Det er viktig at skifamilien samlast utanom konkurransesesongen. Her får dei som har lyst til å trene moglegheit til det. Dette er viktig med tanke på rekrutteringa, seier Røste. Han kjem frå Gjøvik kor Hovudlandsrennet skal arrangerast kommande vinter. 14- og 15-åringane var interesserte i å vite korleis løypene på Gjøvik er. Informasjonen som blei gitt kan komme til nytte.
Røste, Samdal, Estil og Bjørnås blei spurde om kva som skal til for å bli god på ski. Dei fekk fleire svar på det. Det alle var skjønt einige om, er at ein må ha glede av idretten.
– De skal tykkje det er moro å gå på ski. Kor god du blir, er opp til kvar enkelt av dykk, sa læremeistrane. Små og store var lutter øre då nokon av landets største trenerkapasitetar prata. Spørsmål om kosthald, hobbyar og treningsmetodar blei svarte på etter beste evne.
– Det var flott å få informasjon frå Estil og dei andre. Dei har trass alt opplevd veldig mykje, seier Thomas og Kjetil. Frode Estil ønska ungdommane lykke til med sesongen. Deltakarane svarte med å love at dei skal heie på han uder VM i Oberstdorf i vinter.