Store kontrastar i cup

Gutelaget til Vikebygd høyrer nok heime i den første av desse gruppene. No skal det […]

Gutelaget til Vikebygd høyrer nok heime i den første av desse gruppene. No skal det vel seiast at laget var ekstra uheldige i den kampen som Grannar plukka ut til å få med seg. 0-15 for Froland var ille. Ikkje minst sidan det også var den siste kampen i årets turnering.
– Fleire av spelarane skal vidare til Lyngdal Cup i dag. Såleis var det eigentleg heilt greitt at me ikkje gjekk vidare, prøvar trenar Gudvin Hetland seg. Og veit vel innerst inne at det aldri var nokon reell fare for at så skulle skje.
Lenge sidan
Det har berre skjedd éin gong tidlegare at Vikebygd har vore med i Norway Cup. Det er så lenge sidan at dei yngste på dagens gutelag ikkje ein gong var fødde.
– Me har gleda oss lenge, og det har vore kjekt sjølv om avslutninga ikkje vart heilt slik me hadde håpa på, fortel målvakt Kjetil-André Skartland, etter ein rimeleg hektisk dag på jobben.
– Kor mange mål me har laga? Med eller utan sjølvmål. Utan er det sju. Med er det vel minst ti, smiler gutane og er med det viktige bidragsytarar til tesa om at det viktigaste er å ta del. Ikkje å vinna.
Jarle Hjelmeland Vevik laga fire av dei sju måla til Vikedal i Oslo. Einar Marius Hjellestad Martinsen laga to, medan David Norenes putta det siste.
– Me reiste ikkje heilt mål- og poenglause heimatt. I den første kampen mot Stranda vart det nemleg 4-4, fortel spelarane som har budd på Trosterud skule under opphaldet i hovudstaden.
Held nullen
I den andre enden av skalaen finn me 14 år gamle Ragni Klokkerstuen Odeen. Etne-jenta er eit skikkeleg målvakttalent, og er i samband med Norway Cup utleigd til Skjold. Eit jentelag som kom til semifinalen i fjor, og som har skumle hensikter om å gjera det endå betre i år.
– Det har vore eit eventyr så langt. Eg har framleis ikkje sluppe inn mål. Spesielt var dt moro i oppgjeret mot Asker. Me vann til slutt 1-0, og eg hadde ganske mykje å gjera. Vart kåra til banens beste etterpå, og kan vel ikkje anna enn å vera litt kry, smiler den sympatiske 14-åringen.
Puljesigeren gjorde at Skjold-jentene fekk walk over i 32-delsfinalen og med det fri heile onsdagen. I dag møter dei Slettaelva fra Tromsø i 16-delsfinale.
Ein kviledag
– Draumen om finalespel lever enno i beste velgåande. Same korleis det skulle gå, har dette vore ei oppleving for livet, meiner Ragni, som også har fått ei rekkje nye vener under dagane på Ekebergsletta.