Store verdiar er borte

Innbrotet skjedde natt til måndag, og tjuven(ane) har tatt seg inn ved å knusa inngangsdøra. […]

Innbrotet skjedde natt til måndag, og tjuven(ane) har tatt seg inn ved å knusa inngangsdøra.
Elektrisk utstyr til ein samla verdi av nærmare 130.000 kroner er stole.
— Det er tatt for store verdiar. Mobiltelefonar, digitale stillbildekamera, digitale videokamera og fleire berbare PC-ar er borte, seier politibetjent Jarle Grindheim i Etne.
Varsla av forbipasserande
Dagleg leiar Øystein Øverland ved Etne Elektrosenter fekk ein utriveleg start på måndagen. Han fortel at nokre personar hadde lagt merke til den knuste døra då dei gjekk forbi i 7-tida måndag morgon og varsla ein av dei tilsette.
— Det blei ein brå start. Dette er ikkje noko kjekt, seier Øverland.
Ingen vitne
Glasbitane låg strødde i butikken måndag morgon. I tillegg til hovuddøra var også eit glasskap inne i butikken knust.
— Det er masse arbeid med å telja opp og sjå kva som er borte, seier Øverland.
Butikken heldt stengt måndag føremiddag, men opna etter at dei hadde rydda.
Politiet gjennomførte måndag åstadundersøking, men har få spor. Politibetjent Grindheim seier dei ikkje har nokon mistenkte i saka.
— Me etterforskar saka og ber om innspel frå publikum. Me har ikkje konkrete spor å gå etter, seier Grindheim.