— Vi er svært glade for å at Eidesvik velgjer Westcon på nok eit prosjekt. Vi ser dette som ei stor tillitserklæring frå ein viktig kunde for Westcon. Dette er i tråd med Westcon si satsing på å levere høgteknologiske skip til kvalitetsrederi, seier Georg Matre, leiar for skipsreparasjon hos Westcon.
Skroget er allereie i Ølensvåg og arbeidet med prosjektering og innkjøp startar umiddelbart. Arbeidet vil strekke seg gjennom heile 2006 og skipet skal overleverest til Eidesvik i februar 2007. Teikningar til skipet skal leverest av Vik-Sandvik på Fitjar.
1,5 milliardar
Verftet i Ølensvåg har også fire andre nybygg i ordreboka. To supplyskip til Eidesvik, eit supplyskip til Farstad i Ålesund og ein trålar til Taits i Skottland.
— I tilegg skal vi også utføre fleire ombyggingar og reparasjonar av skip og riggar framover. Samla ordrereserve for verftet i Ølensvåg er nå ca. 1,5 milliardar kroner, opplyser Matre.
Westcon har nå arbeid frem til slutten av 2007. Tida framover blir spennande og vi ønskjer nå å tilsette fleire medarbeidarar, seier Matre.