Storoppdrag på Sandvikvåg

I slutten av november i fjor starta Brødr. Flatebø gravearbeidet på den nye gassferjeterminalen i […]

I slutten av november i fjor starta Brødr. Flatebø gravearbeidet på den nye gassferjeterminalen i Sandvikvåg. Kontraktsverdien er på omlag 15 millionar kroner, fleire andre underentreprenørar frå Etne kommune er også engasjerte.
Skånevikstrand Maskinstasjon har graving av om lag 1100 meter grøft og Johansen Rør skal ha rørleggingsarbeidet.
Per Magne Flatebø er formann på anlegget i Sandvikvåg. Han fortel at det i dag er fem maskiner i arbeid, men at det vil bli ein god del fleire både gravemaskinkøyrarar og maskiner utover våren.
Kaia skal stå ferdig i desember 2006. Då skal ferjekaia vera dobbelt så stor som ho er i dag. Med oppstillingsplass til 300 bilar til Halhjem og 50 bilar til Husavik.
— Arbeidet vårt starta ved krysset til Fitjar med utviding av vegen ned til kaia. Det skal fjernast 50.000 kubikk masse fram til mai. Det er ein stor haug som blir fjerna i terrenget for å gi større oppstillingsplass til bilane, fortel han.

Rødne kraftstasjon
Men det er ikkje berre på Stord det er stor aktivitet. Ti mann med maskiner er også i arbeid ved Rødne Kraftstasjon i Sandeid. Dette arbeidet skal vere ferdig til sommaren.
Elles fortel Per Magne Flatebø at dei også har maskiner andre stader, blant anna for Mesta på Stord.
I dag har bedrifta 20 – 25 tilsette, alle maskinkøyrarar. Det er Peder Flatebø og borna Per Magne og Laila som i dag eig bedrifta.
Det var i 1965 Brødr. Flatebø vart starta.
— I dei første åra var det mest berre traktorgravarar, fortel Per Magne Flatebø.

40 år
Det var då Ulla Førre-anlegget starta at firmaet begynte å vekse, og var størst på 1990-talet.
— Då var det storoppdrag som gassanlegget på Kolsnes og anleggsarbeid på Svartisen som gjorde at firmaet hadde om lag 70 mann i arbeid på det meste.
Avstand har ikkje vore noka hindring i dei åra bedrifta har eksistert.
Gardermobana har også vore eitt av firmaet sine oppdrag.
Elles er det i distriktet frå Stavanger til Bergen flest oppdrag er å finne, og det er stadig nye oppdrag.

— Nei, det er ingen avgrensingar når det gjeld avstandar, seier Per Magne Flatebø.