Større fleirtal for kulturhus

No blir det utbygging av kulturhuset. Etne Kommunestyre avgjorde tysdag med 13 mot 8 stemmer […]

No blir det utbygging av kulturhuset. Etne Kommunestyre avgjorde tysdag med 13 mot 8 stemmer at dei ynskjer å gå inn med aksjekapital i Etne Kulturhus.
Grunnen til at saka måtte opp på nytt i kommunestyret, var at Hordaland Fylkeskommune ikkje godtok leigeavtalen om å ha Etne vidaregåande skule i Etne Kulturhus i ti pluss fem år. Det lengste dei kunne strekkje seg til var seks pluss fire år. Varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap) la mykje av skulda for dette på Etne Framstegsparti.
Spørsmålsteikn
— Eg vart svært skuffa då eg oppdaga at det var lokale politiske krefter som har bremsa prosjektet. Dersom ikkje Etne Framstegsparti hadde sett sin fylkespolitikar på saka vil eg våga å påstå at me mest sannsynleg hadde hatt ein leigeavtale på ti pluss fem år no, sa ei skuffa Siri Klokkerstuen.
— Det er ikkje noko suspekt ved å stilla spørsmålsteikn ved kostnadane eit slikt prosjekt fører med seg. Me fryktar at andre tilbod i kommunen vil bli svekka dersom ein går inn for Etne Kulturhus, sa gruppeleiar i Framstegspartiet, Audun Namtvedt.
— Me synes heile prosjektet verkar underbudsjettert. Kva skjer dersom Hordaland fylkeskommune forsvinn etter seks år, og Etne Kulturhus går konkurs? Kva skjer om me mistar den aksjekapitalen, spurte Audun Namtvedt vidare.
Endra meining
No som Etne kommune har valt å støtta Etne Kulturhus, må dei årleg ut med 1,2 millionar kroner, i tillegg til direkte tilskot på to millionar og ein million til ny kunstgrasbane.
Då Etne Kommunestyre vedtok å vera med på Etne Kulturhus i juni med elleve mot ti stemmer, sette John Karsten Hustveit (H) det som eit vilkår for å stemma ja til kulturhuset at leigeavtalen ikkje vart kortare enn ti pluss fem år. På tysdag hadde han og resten av gruppa snudd og fleirtalet auka til fem.
— Etne kommune har ein meir positiv økonomi no enn førre gongen me røysta over Etne Kulturhus. Mange trur at det er Etne kommune som skal byggja kulturhus, dette er ei oppfatning som me må få avkrefta. Den største risikoen ved prosjektet ligg ikkje på kommunen, men på Etne Kulturhus. Dersom me skal vera ei attraktiv bygd, må me våga å satsa, sa John Karsten Hustveit.
Dette var eit synspunkt som mange var einige i.
Løft
— Etne Kulturhus vil gje eit løft til bygda, ungdommen og framtida, sa Ingvor Gundegjerde (Sp).
— Denne pakken med kultur og idrett vil vera med på å utvikla Etne Kommune vidare. Etne Kulturhus vil gje eit nødvendig løft for kulturen og idretten i bygda. Har me råd til å la vera, spurde Siri Klokkerstuen (Ap).
— Det er ingenting som tydar på at Hordaland Fylkeskommune kjem til å trekkja seg ut etter seks år, tvert i mot. Personar i Hordaland Fylkeskommune har fortalt meg at dei ynskjer å satsa på Etne og gjera bygda om til eit skulesenter. Eg skjønar ikkje all denne skepsisen. Andre bygder ville teke i mot slike etablissement med opne armar. Kvifor skjer ikkje det i Etne, sa ein oppgitt Amund Enge i debatten.
Ferdig i 2008/2009
Kristoffer Vannes i Arbeidarpartiet stemte nei til å gå inn i Etne Kulturhus.
— Eg veit at ansvaret ligg hos Etne Kulturhus dersom dei skulle gå konkurs. Likevel er eg redd for at det vil bli Etne Kommune som må ordna opp dersom det skulle gå gale. Me har trass alt ei nøkkelrolle i prosjektet. Eg skjønar ikkje at representantar i kommunestyret tek så lett på at finansieringa er blitt enda dårlegare sidan sist me behandla saka, sa han.
— Eg forstår godt at mange innbyggjarar i kommunen er skeptiske til prosjektet, men det er klart at dersom det blir fleirtal i kveld må me kryssa fingrane for at det går godt, og dra lasset i lag, sa Vannes. Fleirtal vart det, og arbeidet med å setja prosjektet ut i livet skal setjast i gong.
— Det er mange som har venta lenge på å få eit kulturhus, og desse gode kreftene kjem til å jobba for full maskin i tida som kjem. Det er ein del tunge brikker som må på plass, men likevel kan dette gå fort. Eg vel å vera optimist og tippar at bygget er ferdig i 2008/2009, seier kultursjef i Etne Kommune, Nils Halleland.