— Større risiko med utanlandsk kjøtt

— Dess opnare grensene er, dess større er faren for at me for eksempel får […]

— Dess opnare grensene er, dess større er faren for at me for eksempel får salmonella i hus, seier Torgeir Øverland.
I desse dagar følgjer bønder over heile landet spente med på WTO-forhandlingane i Genéve. Dei siste salmonella-oppslaga i media har kanskje fått einkvar til å rynka på nasen over importert kjøtt. Først salmonella-mistanken til polsk kjøtt ved Fatland Ølen, deretter helgas nyheit om at fire personar har fått salmonellabakteriar av frosen kjøttdeig frå Nordfjord Kjøtt, laga av polsk oksekjøtt.
Bøndene Torgeir Øverland (50) frå Sandeid, Lars Lien (52) frå Bjoa og Arve Mjølhus (38) frå Nedre Vats er alle skeptiske til det som nå blir avslørt om utanlandsk kjøtt. Dei meiner prisen ein betaler for det importerte kjøttet fort kan bli høg.
— Ein er ikkje så sikker på det som blir produsert i utlandet, seier Lien.
— Nå er noko av faren med utanlandsk mat komen fram, som til dømes faren for salmonella. Dette er noko me har vore skåna for i Noreg. Me treng ikkje bli sjuke og gå dukken om det blir importert meir mat, men sjansen for å bli sjuk er mykje større. Blant det utanlandske kjøttet finst heile spekteret, seier Øverland, som presiserer at det også finst mykje bra utanlandsk kjøtt.

Utan grenser
— Eg ser ikkje meininga med at slakteria skal importera utanlandsk kjøtt. Svinekjøtt er det plenty av, seier Arve Mjølhus, leiar i Vats Bondelag.
Han er bekymra for kva ei oppheving av importgrensa kan føra til.
— I dag held importgrensa slakteria igjen, men viss dei fritt kunne importera, kor mykje ville dei importera då? undrar Mjølhus seg.
Han trur norske forbrukarar kjem til å kjøpa meir og meir utanlandsk kjøtt i framtida.
Øverland meiner norsk og utanlandsk landbruk er som to ulike verder.
— Viss me skal operera med polske prisar på det me leverer, går det ikkje særleg bra med dei norske bøndene. Me produserer under eit norsk kostnadsnivå og me har verken geografi eller klima med oss. Også i høve til kva krav og forskrifter som blir stilte til for eksempel bygningar og produksjon, har me ein heilt annan situasjon, seier Øverland.

— Må merkast
Ferskt og ubearbeidd kjøtt skal merkast med opphavsland. Restaurantar er derimot fritekne frå denne regelen. Men for å behandla kjøtt finst det ingen krav om merking av opphavsland, i følgje VG måndag. Det overraskar dei tre bøndene.
— Det er ein sjølvsagd ting at ein bør opplysa om opphavsland i butikken, seier Øverland.
— Forbrukarane må kunna gå i disken og vita kva kjøtt dei vel mellom, seier Lien.
Bøndene er skeptiske til at norske merkenamn blir brukte til å selja utanlandsk kjøtt, slik som Nordfjord Kjøtt gjer.

Lagnadstid
I dag importerer Noreg 50 prosent med mat. Av dette utgjer 70 prosent import frå EU.
— Mykje av dette kunne me importert frå u-land så det skulle ikkje vera noko til hinder for at me kan handla med u-land i dag, utan den nye WTO-avtalen, seier Øverland.
— Skal det vera import, må det vera frå dei fattige landa slik at me kan hjelpa dei. Eg ser ikkje nokon grunn til at me skal hjelpa USA, seier Mjølhus.
Øverland meiner at bildet som blir skapt i media om dyre matvareprisar ikkje er representativt for befolkninga sitt syn.
— Det verkar som at kravet til billeg mat kjem frå Akersgata og visse politiske miljø. Det er eit voldsomt kjør i media på dette med matvareprisar, men eg trur folk forstår at det kostar meir med norske varer, seier Øverland.
Dei tre bøndene meiner at WTO-saka er meir alvorleg enn dei eigentleg skjønar.
— Det er nok meir alvorleg enn me tenker over fordi det skjer langt borte frå oss og spesielt fordi forhandlingane skjer over så lang tid. Difor klarer me kanskje ikkje ta alvoret inn over oss, seier Øverland.
— WTO er truleg viktigare enn EU-spørsmålet, seier Mjølhus.