Storsenter til 50 millionar

Ei mannsterk forsamling og ei kvinne er klar til å flytte inn i Etne senter […]

Ei mannsterk forsamling og ei kvinne er klar til å flytte inn i Etne senter i november neste år. Under presentasjonen av senteret var alle ganske sikre på vekst og suksess i Etne sitt første skikkelege kjøpesenter.
Av eit butikkareal på 8.800 kvadratmeter er 80 prosent anten seksjonert ut eller leigd vekk.

Haugesund-Åmot
— Vi er det einaste kjøpesenteret mellom Haugesund og Åmot som ligg på høgre side av E134. Altså på rett side av europavegen for dei som reiser austover til hytta i helg og feriar. Det er eit stort potensial i tillegg til at vi er eit senter for bygdefolket og distriktet, seier Morten Helland.
I bakhovudet er også ein sterkt ønskt Saudavegen som vil plassere Etne på ei ny trafikkåre.
— Vi får ein 114 meter lang fasade mot vegen. Denne plasseringa vil alle i senteret dra nytte av med den stadig aukande helgetrafikken austover. Det blir bygt hytter som berre det, seier Ole Strømø.
Initiativtakarane har lagt vekt på breidda i senteret med mange forskjellige butikkar og tilbod frå mat og møbel til bank og frisør.
Senteret skal bli ein grunn mindre for folk i distriktet til å reise til Haugesund på handel.

Bank og hagesenter
Her er lista over dei som er avgjort skal inn: Møbelringen Etne, Montér Etne, Rema 1000, Sparebanken Vest, Etne hagesenter, Rodin kafé, Etne fysikalske institutt og Princess Interiør. Erling Ronæs i Eurosko vurderer også å flytte til senteret. I tillegg er det avgjort at det blir ein frisør, og ein klébutikk skal også på plass.
— Vi har ledig nærmare 1.800 kvadratmeter, og innan opninga skal vi ha på plass fire-fem butikkar i tillegg til dei som er avgjort. Så langt har vi ikkje gjort noko som helst marknadsføring for å få nokon inn, seier Helland.
Alle trur på auka handel når dei kjem i det nye senteret. Helland og Strømø konkretiserer det til ein omsetningsvekst på 25-30 prosent det første året. Men nokon omsetnadsprognose for senteret var dei ikkje klare til å gi.

Fryktar ikkje rentehopp
Dagen før presentasjonen av det nye senteret, sette sentralbanksjef Svein Gjedrem opp renta med eit kvart prosentpoeng, og varsla hyppige hopp framover. Men det har ikkje tatt nattesøvnen til sentereigarane som har kalkulert bygget til 50 millionar kroner som eit håpefullt minimum. I så fall er kvadratmeterprisen under 6.000 kroner.
— Det var mange brikker som skulle på plass, men vi var aldri i tvil om satsinga, seier Ole Strømø.
Dei har fått tilbod om finansiering frå fleire bankar, men dei har ikkje avgjort kven samarbeidspartnaren blir. Etne Sparebank er ein for liten bank til å ta ei så stor investering.
Møbelringen Etne har drive sidan 1954, og Strømø trur det er rett å karakterisere dagens satsing som den største på veldig langt tid.
Helgesen Tekniske-bygg på Osterøy skal vere totalentreprenør, og målet er å bruke lokale underentreprenørar. Det er planlagt byggjestart i desember.

Første rulletrapp
I det nye senteret blir det utvida opningstid samanlikna med det butikkane har i dag, og den blir felles med unntak av Rema 1000. Senteret får også rulletrapp og heis som skal gjere det enklare for kundane.
— Det blir viktig å få heis og rulletrapp. Eg ser i dag ulempa vi har med at butikken vår er litt utilgjengeleg for eldre og funksjonshemma, seier Tone Haugen i Princess Interiør.
Rema 1000 flyttar frå Meieriplassen Kjøpesenter og inn i det nye senteret.
— Det er kjeda som bestemmer dette, eg er berre leigetakar. Dette er ei stor satsing i Etne, og eg synst vi må vere med på denne utviklinga. Plasseringa av senteret kan ikkje bli betre, seier Jan Lysne som driv butikken for Rema 1000.
Prikken over i-en ville vere om Vinmonopolet banka på døra, og det skal ikkje mangle på lokale, forsikrar Ole Strømø. Men det er det opp til styret i statsmonopolet å bestemme.