Laurdag 20. august skal det nye parkanlegget utanfor rådhuset i Sandeid opnast av tidlegare kulturprisvinnar Rigmor Vik. Jan Terje Rafdal sin elegante skulptur saman med blomstrande rosebuskar, har gjeve rådhuset sitt uteområde ei verdig ansiktsløfting.
— Det er rett og slett blitt kjempefint her. Me vil takka sponsorane våre for utruleg god støtte, utan deira hjelp hadde ikkje dette blitt så bra, seier Eva Kalstveit, kulturleiar i Vindafjord kommune.
Fleire markeringar
Friluftsåret og 40 års-jubileet til kommunen skal òg markerast denne dagen. Ei kulturvandring i Sandeid med guidane, Svein Terje Vestbø og Erik Grønnestad, er heilt i friluftsåret si ånd. Turen varer ein liten time. Etter det startar sjølve opningsprogrammet. Kunstnaren Jan Terje Rafdal skal vera til stades når Rigmor Vik skal foreta den høgtidelege opninga ved å avduka skulpturen. Tale ved konfransier for dagen, ordførar Reidar Håvås, kjem like etter. Han vil i talen leggje vekt på at Vindafjord kommune feirar 40 år. I biblioteket vil det vera ei opa utstilling i høvet 40 års–jubileet heile dagen. Gamle avisutklipp frå starten, og bilete frå Vindafjord si historie kjem til å stå sentralt i utstillinga.
Musikk
Skjold skulekorps skal òg vera til stades heile dagen, og skal underhalde undervegs i programmet. Eit høgdepunkt for mange vert nok når Mari Vestbø og Maria Toresen skal halde konsert ute i hallamfiet.
Vindafjord kommune spanderer kaffi, stor jubileumskake og saft til alle frammøtte.
Galleri Å’godt skal halde ope heile dagen. Programmet vert avslutta ved at kantor Ola Ohm skal halde ein ettermiddagskonsert i ei flott og nyoppussa Sandeid kyrkje.
— Konserten i kyrkja kjem til å bli ei flott avslutning. Eg vonar mange tek seg tid til å lena seg attende og slappa av i kyrkja til flott musikk, før dei rettar nasen heim att igjen. Det vil jo òg vera eit flott høve til å nyte synet av ei nyoppussa kyrkje, seier Eva Kalstveit.