Går ein attende i tid og ser det som var frå 1945 og fram til i dag, vil me på mange måtar ikkje kjenna oss att. Tenk berre på samferdsla i heile landet. Der det før var ei reisetid på eitt døgn, er reisetida nå 2-3 timar. Framgangen på alle felt har mest heilt tatt av. Dette gjeld også forsking, og det som forskinga har resultert i både på godt og vondt.
Når me ser dei som veks opp i dag, der framtida ligg føre dei, går dei inn i ei uviss tid. Slik var det også før og før det igjen. Heile systemet er i stadig utvikling, der utviklinga også kan bidra til at ein får negativ utvikling på ein del områder. Ein skal vera svært varsam med berre å sjå dei positive sidene. Trass alt har medaljen også ei bakside som vender inn mot brystet, og talar sitt språk, der glamouren synest, og lyser mot det opne landskapet. Det å leva for kvarandre skal ein ikkje gløyma, samt å leva med kvarandre og ha i tankane det som lever og rører seg i vår fram ennå, korkje på kor mange som var innom Etne senter torsdag, eller kor mykje det vart selt for.
— Det var tusenvis av folk, og salet i butikkane gjekk over alle rekordar. Me har ikkje noko felles system ennå, slik at me kan ha oversikt over den totale omsetninga. Men dei som har drive butikk ein del år seier at så bra sal har dei ikkje hatt nokon gong. Til og med den vanlege julesalsopninga hadde aldri hatt så stor omsetning, fortel Tone Haugen.
Ho seier at opningsdagen var fantastisk og at ho fekk masse gode tilbakemeldingar.
Tettpakka
Kvite fliser på golvet og kvitmåla veggar gjev inntrykk av orden og oversyn i senteret. Førsteetasjen var torsdag tettpakka med folk som gjorde seg kjente med dei nye butikkane.
Nokon berre stod og småprata – ikkje alle var der for å handla. Rodin Lunch & Kaffibar hadde nok å gjera med å selja kaffi og kaker til kundane som hadde behov for ein liten pause.
Det vrimla av folk mellom skohyllene. Nyfikne blikk gjekk gjennom juledekorasjonar i blomsterbutikken, og jernvarebutikken fekk det travelt i løpet av det første kvarteret etter at dørene gjekk opp.
Orkester og fyrverkeri
Klokka fem starta den offisielle opninga av Etne senter – med korpsmusikk, julenissar som sprang i trappa og Han innante – ei gåve frå ordførar Amund Enge.
I sin tale utrykte ordføraren at han var svært stolt over innsatsen til aktørane ved Etne senter, og at han hadde stor tru på at senteret kjem til å verta ein suksess.
Ei svær marsipankake, fyrverkeri frå Hatteland og fanfareblås krona den offisielle innviinga av det nye kjøpesenteret i Etne.