Storstemne for Lunde-slekta

Slektsstemna var lagt til Bygdasenteret i Ølensvåg. Hertil kom dei innbedne i flokk og følgje […]

Slektsstemna var lagt til Bygdasenteret i Ølensvåg. Hertil kom dei innbedne i flokk og følgje frå nær og fjern, og frå mange stader omkring i landet. Jamvel frå Skottland og frå Sicilia i Italia var slektningar møtt.
Og sola skein og flagga vaia kringom i bygda denne høgtidsdagen. Ved frammøte og registrering fekk alle familiar utlevert eit fint og fyldig slektsskrift på 60 sider med namn på alle personar som høyrde og høyrer til dei fire slektsgreinene som er nemnde i skriftet:
1. Tørres Lunde, g. m. Serina Knutianne – Kåta
2. Anna Serina Lunde, g. m. Bård – Nera Lunde
3. Johannes Lunde, g. m. Susanne Gurine – Ølensjøen
4. Marta Lunde, g. m. Petter Martin Berge
Som kjennemerke på kvar familiegrein var ei sløyfe i blått – raudt – gult eller grønt for kvar av deltakarane.
Solveig Lunde Jekteberg, som leia samværet, helsa flokken velkomen med ein velskriven og sjølvlaga prolog med eit innhald om slekter og slekters gang, om personar som såg kvarandre for første gong i livet, og om dei som visste meir eller mindre om kvarandre. «Kven er du? Gildt du kunne koma. Eg kjenner deg på stemma. Du skulle vel ikkje vera….? Eg kjenner deg på folket. Ja, du veit, av godtfolk er me fødd.»
Slik opna Solveig samværet med si hjartelege helsing til flokken, med slike kjente reaksjonar i ein slik samanheng.
Magne Espeland og Terje Lunde stod for ei interessant framsyning av gamle bilete på filmlerret, bilde frå hus og tun og av kjente andlet for mange. Terje stod for teknikken og Magne gav kommentarar og orientering, slektshistorie servert på ein «levande måte». Her fekk ein høyra om lukkelege år, om dramatiske år med sjukdom og død, og om gode år med minne om framgang og spesielle hendingar i slektssamanheng.
Presentasjon av dei fire slektsgreiner, som var med i tur og orden frå scena, gav eit sterkt inntrykk om slekters gang. I sær to av desse var så talrike at det knapt var plass til alle på scena. Etterpå var det fotografering av samla flokk ute i det fri.
Då alle var samla inne i møtesalen att, hadde mange i dei ulike slektsgreinene ordet til korte innslag om minne og historier frå farne tider og farne slektningar, også minne om «bessmor sitt fang».
Nemnast må òg 12 år gamle Kjersti Storehaug frå Kvamen i Førde, med si hardingfele, som spelte seg inn i alle sine hjarto med musikken. Held ho «fram som ho stemnar» så vil ho og mange få gleda av talentet hennar.
Kjersti er dotter til Tørres Lunde, bror til Solveig Lunde Jekteberg.
Fem ungdomar som var deltakarar på slektstreffet, hadde teke gitaren med på alle voner, og jamvel om dei kom frå ulike stader så presenterte dei svingande tonar som fekk stemninga til å gå i taket.
Ola Ohm kjent, for dei fleste her, gav til beste kjente og kjære melodiar på piano, noko som enno ein gong synte hans talent.
Allsong skapar alltid stemning der mange er til stades, og av det fekk møteflokken prøva stemmebanda med gode forsongarar, og med Berge Espeland som dugande følgje på piano.
Programmet skifte elles med matøkt med mat i lange banar, middag og kaffi og kaker i rikeleg monn.
Men det viktigaste i ein slik samanheng er drøs og samtale mellom folk som har mykje å snakka om som Solveig sa til innleiing: Kven er du, og kvar kjem di frå. Det er så altfor mykje å samtale om. Og så var det høve for interesserte å vitja garden i Nera Lunde.
Jo, dette var ei slektsstemne av beste slag med kos og høgtid og glede, eit treff som var godt førebudd og presist avvikla gjennom dagen til ende.
Berre dei som har ansvaret for ei slik samling av slekt, får røyna kor stort eit arbeid det er som ligg bak. Men når det heile er over, sit alle att med gode minne frå ein strålande dag, saman med slektningar. Ikkje dess mindre er det grunn til å takka dei som stod bak med sin innsats til glede for så mange. Og desse var: Solveig Lunde Jekteberg, Randi Espeland, Magne Espeland, Åsa Berge Aalvik, Johannes Berge og Terje Lunde.

Endre Heggen