Støttar Vats kyrkje

Forslaget om pengestøtte til Vats kyrkje forsvann ut av det kommunale budsjettet på førre kommunestyremøte […]

Forslaget om pengestøtte til Vats kyrkje forsvann ut av det kommunale budsjettet på førre kommunestyremøte før jul. Tverrpolitisk liste for Skjold og Vats tok saka opp igjen, og Ottar Ohm har no fått full tilslutnad både i formannsskapet og i kommunestyret for likevel å støtte opprustinga av kyrkja til 150-årsjubileet til hausten. Ein del av argumentasjonen har vore likestilling mellom kyrkjene i Sandeid og Vats. Sandeid kyrkje fekk kommunal støtte til både innvendig og utvendig opprusting i samband med 100-årsjubileet i fjor. Vats kyrkje har tidlegare fått 200.000 kroner frå kommunen, som er brukte til utvendig restaurering av kyrkja.
I eit intervju med Grannar førre veke, sa Olav Velde, leiar i jubileumskomiteen for Vats kyrkje, at dei ville sitje klare til å starte den endelege planlegginga av oppussinga med det same politikarane gjorde sitt vedtak tysdag. Kyrkja i Vats er verna av riksantikvaren, og alt som skal gjerast med kyrkja må difor til godkjenning først – noko som gjer oppussinga ekstra tidkrevjande. Målet er å gje innsida av kyrkja den opphavlege fargedrakta tilbake, og arbeidet med å spore opp dei gamle fargane er alt i gang. Oppussinga skal koste kring ein halv million kroner, og resten av pengane kjem frå bedrifter og private i Vats.
Eit samla kommunestyre sa samstundes nei til å forskottere 100.000 kroner til ei jubileumsbok som skal publiserast til kyrkjejubileet.