Støttekonsert for flaumofra

— Me skal skrape saman alle som kan krype og gå og som kan spele, […]

— Me skal skrape saman alle som kan krype og gå og som kan spele, slår ein engasjert Finn Ove Solberg i Skånevik bluesklubb fast.
Han var i går i full gang med å kontakte lokale musikarar, og då Grannar snakka med han, hadde han fått med seg banda Uthuset og Fifty Fifty, i tillegg til eit nystarta rockeband i Skånevik, ungdomsgruppa i bluesklubben og Alf Warloe Christophersen. Men han hadde endå fleire han ville kontakte – mellom dei Dagny Cristophersen. I tillegg til lokale musikarar, kjem det også nokon frå Arendal.
— Dette skal bli ein kjempefest for heile familien, slår han fast, og oppmodar alle som vil vere med og støtte ofra etter flaumen på denne litt originale måten til å setje av andre helga i januar.
— Konserten blir enten 7. eller 8. januar, avhengig av når musikarane kan stille opp, seier han.