Straffenivået må opp

Ein kan stille spørsmålet om velstand gir mindre kriminalitet når det gjeld tjuveri og annan […]

Ein kan stille spørsmålet om velstand gir mindre kriminalitet når det gjeld tjuveri og annan vinning. Tjuveri av bilar er nesten halvert dei siste ti åra, og innbrot og tjuveri i hus går stadig nedover.
I Oslo går derimot vinningskriminaliteten oppover, spesielt tjuveri frå personar på offentleg stad. Det viser at også vinningskriminaliteten er i ferd med å bli brutalisert trass i at den går nedover totalt sett.

Kriminalitet og vald er den største krenkinga av menneskerettane i Noreg. Media blir ofte kritisert for at dei brukar for mykje plass på drap og grov vald, og med det gir eit feil inntrykk av omfanget ved at problemet blir overdimensjonert. Men grov krenking av menneske er eitt av dei største samfunnsproblema vi har, sjølv om det er verre i mange andre land.
Det er ein svak auke i talet på valdstilfelle, men tendensen er uheldig. Det er urovekkande at det blir meldt langt fleire tilfelle av valdtekter, og i fjor var auken på heile 13 prosent. Det er ei utvikling samfunnet ikkje kan leve med.

Når ein ser tendensen med ei brutalisert utvikling med meir vald, fleire ran av personar og ein kraftig auke i talet på valdtekter, kan ein stille spørsmålet om samfunnet gjer nok for å sikre menneskeverdet. Det er politisk vilje til å skjerpe straffa for seksuelle overgrep og grov valdsbruk. Praksisen i domstolane i dag, strir ofte mot folk si rettsoppfatning. Verken krenking av kvinner og barn, eller grov vald som kan påføre menneske langvarig skade, resulterer i straffer dei fleste av oss meiner er rimelege. Politikarane bør difor både sikre raskare domfelling og vurdere strengare straffer i denne typen saker.