Strålande juleførestilling

Stykket, som er skrive av Marianne Grung Farsund, vann Sandeid Barne- og ungdomsteater sin manuskonkurranse […]

Stykket, som er skrive av Marianne Grung Farsund, vann Sandeid Barne- og ungdomsteater sin manuskonkurranse i fjor og handlar om adventskalenderen. Ein adventskalender der ein person bur bak kvar luke.
Nummer ein synest det er litt kjedeleg å vera åleine i starten, og samstundes er han litt sjalu på 24 som får all merksemd. Når bisnissane kidnappar 24 for å klone han slik at folk skal kjøpa presangar til kvarandre kvar einaste dag i adventstida, er ikkje nummer 1 den som bryr seg mest. Han er tvert om litt sjalu på 24 både fordi han får all merksemda — og ikkje minst fordi dei er forelska i same jenta, nummer 7.

Stoppar bisnissane
Alle personane i adventskalenderen synest ikkje det er det same å førebu seg til jul når 24 er vekke. Difor er dei kvar dag ute og leitar. Men det er 1 som finn ut at bisnissane står bak kidnappinga og kvar dei held 24 fanga. Likevel seier han ikkje ifrå til dei andre og nummer 1 vert sjølv fanga.
Saman klarar derimot nummer 1 og 24 å komme seg fri frå bisnissane og stoppa kloningsprosjektet deira. Og dei rekk heim til julaftan begge to slik at det blir fest i kalenderen. Dei unge skodespelarane lyste av innsats, og ein vart både rørt og tok til latteren undervegs. Ein imponerande jobb både av dei på, og ikkje minst bak, scena.
Også scenografien, som Aud Sigrid Flesland stod bak, var flott. Utfordringa med to parallelle historier var løyst på ein svært god måte.
— Eg synest det var veldig gøy og spanande å sjå korleis stykket var løyst. Det var kjempefint, seier tekstforfattar Marianne Grung Farsund som såg urpremieren laurdag.

Bokmanus
Ho fortel at stykket har utgangspunkt i hennar eigen julekalender som ho laga til ungane sine.
— Me har ikkje materielle ting i kalenderen, men ting og oppgåver me skal gjera kvar dag, fortel ho.
— Eit lite spark til handelsstanden?
— Ja det er jo det. Stykket handlar jo om å gje oss tilbake jula og stemninga utan at det skal bli altfor søtt. Difor måtte eg jo ha med litt spenning òg, seier ho.
Dette er det første teaterstykket ho har skrive for born, og no kan det hende det vert ei adventsbok ut av det også. Manuset er alt sendt til forlaget.
— Plottet i boka er det same, og det er ei historie for kvar dag og person som kjem ut av adventkalenderen, fortel ho.
Også musikken, som varierte frå roleg adventsong til rytmisk disko, var nyskriven til stykket. Den har Tor Mathisrud, som til dagleg tilsett ved Stavanger Symfoniorkester, laga. Adventssongen «Tenn lys» starta han på i jula i fjor. Dei siste delane av musikken gjorde han ferdig i august/september.
— Det er første gong eg har skrive direkte for scene, og eg var spent på korleis musikken vart brukt. Men eg syntes det fungerte bra, seier han.