Straum som borgarløn

Ministeren jobbar for tida med eit mogleg toprissystem for straum til hushaldningane: Billeg straum til […]

Ministeren jobbar for tida med eit mogleg toprissystem for straum til hushaldningane: Billeg straum til naudsynt nøkternt forbruk, vesentleg dyrare utover dette nivået. Det skal visst vera vanskeleg å få til i praksis. Vi støttar prinsippet, og tek det eit hakk vidare.
Vi har tidlegare teke til orde for borgarløn – ei samling av av dei fleste trygder og stipend samt ei garantert minsteløn. Målet er redusert byråkrati, auka verdigheit for sosialklientar, og høve til å leva med verksemd som elles gir lite eller inga inntekt. Kva med å gi eit garantert minimum av straum som ein del av borgarløna? Talet må diskuterast, men det må vera nok til å leva nøkternt på eit nøkternt buareal. La oss seia 10 000 kWt per heilårsbustad.
Dette er 40 prosent av gjennomsnittleg bruk i norske hushald (25 000). Det dekkar vask, kok, lys, kjøleskap og noko oppvarming i eit rimeleg isolert husvere av moderat storleik. Forbruk utover dette bør kosta såpass at det fristar å begrensa seg. Fellesskapet skal ikkje sponsa TV, badstu og hyttestraum. Frigjorte pengar kan nyttast, eventuelt saman med offentleg tilskot, til investering i alternativ oppvarming og andre ENØK-tiltak. Pris på overskytande forbruk? Europeisk marknadspris + norske avgifter er eit greit utgangspunkt. Dette gir ei rekning til å leva med, men som stamstundes motiverer til sparing.
Mindre byråkratisk kan det neppe gjerast: Gratis straum opp til 10.000 kWt (”botnfrådrag” på rekninga), marknadspris for resten. Mykje enklare enn først å ta inn høg pris+avgift for alt forbruk, for så å gi kompensasjon til dei som slit mest med rekninga. Same argument gjeld for andre ordningar som borgarløna kan erstatta, men her er temaet straum.
Det vi opplever som mangel på straum skuldast aukande forbruk: Både privat, i nærings- og offentlege bygg, nokre nye industrianlegg, elektrifisering av off-shore-sektoren, og ikkje minst eksport. Privat sløseri er altså ikkje heile problemet, men ein del av det.
Ordninga vil vel kollidera med energilova. Den skal uansett reviderast. EØS-avtalen står sikkert i vegen og, som for mange andre sosiale og miljøvennlege tiltak. Så får vi sagt igjen: Han må vekk. Så kan politikken igjen bli kunsten å gjera det fornuftige mogleg.

Miljøpartiet dei Grøne I Hordaland
Tore Bergum