Straumstans over heile distriktet

Då straumen gjekk like etter klokka 08.00 i dag tidleg, blei store delar av Grannar-distriktet […]

Då straumen gjekk like etter klokka 08.00 i dag tidleg, blei store delar av Grannar-distriktet mørkelagt. Både Etne og Skånevik var utan straum, og Skånevik Ølen Kraftlag opplyser at Bjoa, Vikebygd og Ølen også var råka av straumstans.

Men det var ei udramatisk hending og straumen kom på att etter nokre minuttar. Grunnen til straumstansen låg ikkje lokalt, men hjå Sunnhordland Kraftlag (SKL).
— SKL fekk ein alarm dei måtte undersøkja. Difor slo dei ut ein brytar, som gjekk over heile systemet vårt, forklarer dagleg leiar i Etne elektrisitetslag, Bjarne Sævereid.