Styreleiar i Skånevik Vannverk, Geir Olsen, vil ikkje seia noko om kva tid årsmøtet for 2004 skal avviklast. Heller ikkje det ekstraordinære årsmøtet medlemmene bad om i 2003. Nå lurer bygdefolk på om det kan vera ugler i mosen.
Folket i Ølmedal kom i mindretal då det skulle veljast nytt styre i handelslaget på det ekstraordinære årsmøtet nyleg og valde å stemma blankt. Resultatet kan bli at utsalet i Ølmedal blir lagt ned til fordel for utsalet i Kvaløy. Tilhengjarane for Kvaløy kom i fleirtal ved hjelp av hytteeigarar. Dette meiner tilhengjarane for utsal i Ølmedal ikkje er rett. Det er bygdefolket som skal avgjera kvar utsalet skal vera, meiner dei.
Nå fryktar dei at ei nedlegging av butikken også kan føra til at banken også seier farvel til bygda.Striden rundt vassverket i Skånevik har rasa så lenge at dei fleste har gitt opp å engasjera seg. Styremedlem Olaf Larsen er ein av dei som har etterlyst både rekneskap, styremøte og årsmøte i vassverket. Nå har også han resignert.
Men heilt daudt er det ikkje i saka. Folk snakkar og undrar seg over kva som skjer. Men ingen vil stå fram med sin kritikk rundt vassverket. Til det er striden for betent. Vassverket i Skånevik er eit lutlag og såleis ikkje underlagt lovene i eit aksjeselskap. Men like fullt forvaltar vassverket store summar. Det verkar unekteleg noko underleg at ingen av luteigarane kan få hol på byllen og få papira på bordet. Om ikkje andre klarer å få det til, bør kommunen nytta sin rett som luteigar og skjera gjennom. For det første er det store pengar det handlar om. For det andre er det på tide å få fred i vassverksaka i bygda. Den har fått herja lenge nok.
Strid på bygdene
Styreleiar i Skånevik Vannverk, Geir Olsen, vil ikkje seia noko om kva tid årsmøtet for […]