Studentar frå Hongkong

Gjennom Lionslubben i Vindafjord har Johan Georg og Gurine Vestbø teke imot til saman fem […]

Gjennom Lionslubben i Vindafjord har Johan Georg og Gurine Vestbø teke imot til saman fem utvekslingsstudentar dei siste åra. Lions legg opp til at klubbar over heile verda kan senda ut ungdommar som er i alderen kring 16 til 21 år. Lions Vindafjord har for tida ein ungdom frå Sandeid som er i New Zealand.
— Dei lokale Lions-klubbane dekkjer mykje av utgiftene rundt utvekslingsreisene. Det spørst kvar dei reiser, til eit land i Europa dekkjer vår klubb alt, seier Johan Georg Vestbø. Utvekslingsreisene kan ha ulik tidsperiode, men for dei ungdommane som er i Noreg nå, er det ein fire vekers periode. Her skal dei bu på ulike plassar kvar veke, og den siste veka samlast alle på Hardangervidda for eit felles treff. Vestbø fortel at ein på slike treff skaffar seg mange nye venner og opphaldet i Noreg vert nok noko dei ikkje kjem til å gløyma med det fyrste.
— Me har framleis god kontakt med dei som har vore her før, seier Vestbø, som også har besøkt dei etter opphaldet deira i Noreg, og ungdommane har kome tilbake på besøk.

Opplever mykje
Sist veke var Nicole på 20 år og Jollen på 21 år hjå ekteparet Vestbø i Sandeid. Veka vart svært minnerik for dei to jentene, som til dagleg bur i Hongkong der innbyggjartalet er sju millionar.
— Dei har opplevd ting dei aldri vil oppleve i Hongkong, og har sett og tatt på noko dei aldri har gjort før, seier Johan Georg Vestbø. Han og kona tok dei med seg på turar rundt i distriktet for å visa dei kva Noreg har å by på og korleis alt fungerer her. — Dei fekk ta i snø, som dei berre har sett på bilete før. Dei er også veldig opptatt av dyr, blomar og insekt. Dette er slikt dei sjeldan har vore nær før, seier Vestbø. Jentene fortel at det er forbode med hund i Hongkong.
— Det mest spesielle er fjordane. Men det er så enormt fint og mykje ein kan sjå i Noreg at eg gleder meg til å kome heim å fortelje dette til dei andre, seier Nicole. Ho fortel også at det er ein unik sjanse for dei å få lov til å kome til Noreg. Vanlegvis får ikkje kinesarar visum og lov til å reise frå landet. Noko dei to jentene meiner bør endrast på.

Reiser gjerne til Hongkong
For Johan Georg og Gurine Vestbø er det nok like spesielt å få besøk som for dei som kjem på besøk. Dei har kontakt med utvekslingsstudentane ei heil veke frå morgon til kveld, og vil naturleg no bli knytte til kvarandre etter ei slik veke.
— Kontakten forsvinn i alle fall ikkje. Me har besøkt to av dei som har hatt ei veke hjå oss før, og me har hatt det fantastisk saman med dei, skryt Vestbø.
— Hongkong står for tur neste gong nå då? Vestbø dreg litt på det, men tvilar litt.
— Men, ein skal vel aldri seie aldri. Det kunne jo vore svært kjekt, smiler han.