Suksess for motocross

Blant dei 160 deltakarane under motocrossen på Vikedal Motorbane i helga var 16 frå arrangørklubben […]

Blant dei 160 deltakarane under motocrossen på Vikedal Motorbane i helga var 16 frå arrangørklubben NMK Vikedal. Tolv av desse i dei minste knattecrossklassane, medan Jarle Nes, Anders Mæland, Erik Skrunes og Ole Erik Meland stilte i motocrossklassene søndag. Anders Meland frå Etne hamna på 17. plass i finaleheatet etter å ha køyrt ut, medan Jarle Nes frå Vikedal køyrde inn til 13. plass.
— Bra å nærme seg midten av resultatlista i dette selskapet, så dette er eg svært godt nøgd med, var Jarle Nes sin kommentar til innsatsen.
Erik Skrunes frå Øvre Vats og Ole Erik Meland frå Etne var nok dei av dei lokale som hadde satsa mest på dette første løpet på heimebane. Løpet talde med som fjerde runde i Vestlandsmeisterskapet, og Mæland låg på andre plass i seniorklassen bak stordingen Roger Skjønberg før runden i Vikedal.
Målsettinga til Ole Erik Meland var å slå Skjønberg, slik at han kunne knappe inn på forspranget i meisterskapet før dei to siste rundane i haust. Etter at han hadde køyrt fort på treninga, fekk Ole Erik Mæland den verst tenkelege starten i kvalifiseringsheatet.
— Startgrinda mi gjekk ikkje ned og eg måtte dra sykkelen bak og rundt, og tapte mykje på det.
Likevel køyrde han godt og var ei stund oppe på andreplass, før han fekk ein velt og tapte plasseringar igjen.
I finalen vart han nummer tre, og sjølv om han altså hamna på pallen kunne han berre konstatere at Roger Skjønberg, som vann løpet, auka leiinga i Vestlandsmeisterskapet.
— Målsettinga mi var høg før dette løpet, og eg følte at konsentrasjonen ikkje var heilt på topp og det slo nok ut på køyringa her i dag.
Også Erik Skrunes hadde håp om å nå pallen under løpet i Vikedal, ein bane han kjenner godt etter å ha trent motocross i mange år, fire år i den klassen han køyrer no, 125 kubikk.
— Sjølv om eg kjenner traseen i Vikedal godt, endra både svingane og strekka seg ganske mykje etter all kjøringa i helga, og dette gjorde at eg ikkje var like trygg i køyringa som eg er på trening her, seier han, og innrømmer også at han var nervøs før runden på heimebane der det blei ein åttandeplass til slutt.
— Nei, no får eg berre sjå framover og den neste runden som går på Bybergsanden på Jæren, ein bane eg aldri har kjørt på før.

Det gror godt
I oppvisningsklassane i knattecross, som startar frå femårsalder, deltok både Atle Vormestrand, Stian Leite Frøland, Åsmund Holten, Joakim Rønnevik, Thomas Leite Frøland, Håkon Høiland, alle frå Vikedal, Kjartan Heggen og Ørjan Heggebø frå Ølen og Jan Andre H. Cristensen frå Ølensvåg.
Ole Andre Høiland frå Vikedal og Alexander Haraldsen frå Etne kjører den største klassen i knattecross, der det er premiering, og dei blei til slutt nummer ni og tretten.

Nøgd arrangør
For NMK Vikedal var løpet enden på ein lang periode med både dugnad og organisering av løpet, men løpsleiar Bryn Rønnevik føler at dei kom godt i mål til slutt.
— Med over 160 deltakarar er dette kanskje det største løpet til no som har vore arrangert på Vestlandet, og som ny arrangør på dette feltet var me sjølvsagt spente på korleis det skulle gå, seier han, som når alt var over kunne konstatere at det hadde gått bra.
— Skader er noko me har i motocross, og det har me òg hatt denne helga, men heldigvis i mindre grad.
Bryn Rønnevik rosar folka han hadde med seg som alle gjorde ein kjempejobb, og spesielt lege Tore Håland frå Ølen, som etter kvart har blitt fast inventar når klubben arrangerer løp i Vikdalsdalen.
— Det er godt å ha med seg Tore Håland, som har ein fin evne til å roe det heile ned når nokon har ramla og slått seg både her og der.