Suksess med rekordstor Etne Cup

Den 26. Etne Cup fekk rekordstor påmelding med over 130 lag. Turneringsleiar Sigbjørn Rafdal er […]

Den 26. Etne Cup fekk rekordstor påmelding med over 130 lag. Turneringsleiar Sigbjørn Rafdal er svært nøgd med årets cup og dei rekordmange påmeldte fotballaga.
— Det kunne vel ikkje gått betre, eg er veldig nøgd med å få så mange lag til Etne i år. Me måtte faktisk takka nei til nokre lag då me ikkje hadde kapasitet til å ta i mot fleire. Med 1.500 personar inne i matsalen på likt, og fulle klasserom på skulen byrjar det å fyllast opp, seier Rafdal.
Campingen måtte også utvidast då mange av familiane kom med vogner dei skulle overnatta i. Flest lag var det frå Haugesund og Stord, medan ein heil del også kom frå Bergens-området. Kalandseid IL, som held til utanfor Bergen, kom for fyrste gong til Etne med heile 14 lag.
Populært program
På programmet var det alltid noko som stod for tur i laupet av helga. Fredag, som var St. Hans, vart laga til med bål på grusbanen, noko som varma godt i regnet. Vêret var jamt over bra, sjølv om spelarane hadde det like kjekt på banen anten det var regn eller sol. Anders Mjaaland frå Idol hadde konsert i sentrum av Etne på laurdagen, og seinare på kvelden på diskoteket som var sett opp inne i kulturhuset.
— Det viser seg at Idol-deltakarar er veldig populære. Me hadde jo også ein Idol-deltakar, Malin Pettersen, her i fjor, seier Sigbjørn Rafdal. VM-kampar og kino med Istid 2 vart også stelt til i kinoen, noko som trekte fulle hus på kvar visning.
Viktigast å delta
Solid IL sitt elleve års jentelag var med for fyrste gong, og hadde berre nøgde tilbakemeldingar å koma med.
— Det er kjempekjekt her, seier trenar for jentene Trude Røstbø. Sjølv om dei endå ikkje hadde vunne nokre kampar, var det ikkje noko nederlag for jentene.
— Det er kjekt her uansett om me vinn eller tapar, kjem det frå jentene. Den same følelsen såg det ut som dei fleste unge spelarane hadde. Sjølv om dei gjekk av banen med eit stortap var det ingen grunn til å fortvila.
— Me er her for å spela fotball og ha det kjekt, seier ein nøgd Stord-spelar etter å ha tapt 6-0 mot Selbjørn IL. Det kjende ordtaket seier jo; det viktigaste er ikkje å vinna, men å delta. Selbjørn IL sitt 12 års gutelag vart litt for gode for Stord IL då dei til slutt vann 6-0. Med stolpeskot og sjanse på sjanse kunne resultatet blitt endå større. Den store heiagjengen på sidelinja var saman med spelarane godt nøgde med å vinna sin fyrste kamp for helga.
— Me har spelt ein uavgjort og tapt ein kamp. I går var det så røft spel på banen, så me fekk nokre skadar. Men det var kjekt at dei vann nå i alle fall, seier trenaren for gutelaget.
Selbjørn hadde også med seg ei jente på gutelaget sitt. Amalie Nordvik synest sjølv det er kjekt å spela med gutane då klubben ikkje stiller med noko jentelag. Nordvik viste at det ikkje er noko nivåforskjell på om du er gut eller jente i denne aldersgruppa, og vart ein av banens beste spelarar og toppscorar med sine tre mål.
Rauk ut på myntkast
Det vart også halden straffekonkurranse, noko som var veldig spanande og populært å sjå på. Etne sitt småjente- og smågutelag vart her best og gjekk heilt til topps i straffeskytinga. Men laga vart ikkje så heldige i kampane sine. Smågutelaget vann alle kampane sine i gruppespelet, og møtte Fana IL i semifinale. Ein jamspelt kamp der ingen av laga fekk mål måtte avgjerast på myntkast, der Etne diverre tapte på uflaksen.
Småjentelaget frå Etne kom heller ikkje heilt til topps då dei rauk ut i kampen om femte- og sjetteplass.
Både smågute- og småjentefinalen blei avgjort på myntkast. Fana og Sveio spela 1-1 i smågutefinalen og Fana vann på myntkast. Det same gjorde Kalandseid i småjentefinalen etter å ha spela 0-0 mot Falkeid.
40 lokale dommarar, og ei enorm dugnadshjelp rundt arrangementet gjorde ein solid innsats i helga.
— Me har fått veldig gode tilbakemeldingar på det meste under turneringa. Folk skryt også over den gode maten dei får, og her må me berre takka det gode kjøkkenmannskapet me har. Dei lokale spelarane våre stiller også opp som dommarar når me treng dei under cupen, noko me set stor pris på. Det er også veldig kjekt at ordføraren vår, Amund Enge, stiller opp på premieutdelinga, avsluttar Sigbjørn Rafdal.