4. divisjon avd. 02
Etne – Torvastad 1-4 (0-0)
1-1 (05. min)
1-2 (10. min)
1-3 (25. min)
3-3 Eivind Aastvedt (85. min)
3-4 (93. min)
Gult kort Etne:
Johannes Eide
To gule kort til same spelar på Torvastad, som dermed måtte spela med 10 mann i sluttminuttane.
Torvastad, som viste seg å vera eit sterkare lag, kan på si side avslutta før ferien med 23 poeng.
Men Etne klarte å halda nullen i heile første omgang og hadde både sjansar og spel som like gjerne kunne gitt utteljing for vertslaget. Men marginane var ikkje på dei grønkledde si side. Mellom anna bomma Stian Amundsen for ope mål. I tillegg hadde heimelaget fleire dødballsituasjonar som kunne gitt mål.
— Etne burde etter mi meining leia etter førte omgang, seier fungerande trenar Arvid Ness. Men etter pause gjekk litt av lufta ut av dei unge Etne-spelarane og gjestene fekk i periodar for lett spel.
— Dei hadde ein svært god spiss som skapte problem for oss. Det andre målet til Torvastad var ein stor prestasjon og ei perle av ei scoring. Men eg vil påstå at fleire av måla var litt for lettkjøpte, seier Ness, som likevel vedgår at etter Torvastad sitt spel i andre omgang var det ein fortent siger til gjestene.