5. divisjon
Skjoldar-Leirvik 2-3 (0-1)
Skjold stadion, Vikaneset
1-1 Jørgen Belt (35 min)
1-2 Ole Christian Christiansen (51 min)
1-2 Thomas Gausvik (62 min)
2-2 Jan Bauge (67 min)
2-3 Jan Helge Kalvenes (85 min)
Dommar: Sjur Oddvar Eide
Publikum: om lag 35
Det var lite som tydde på at dette var eit oppgjer mellom lag frå topp og botn på tabellen. Leirvik hadde eit lite overtak, men det meste av spelet gjekk føre seg på den sentrale midtbanen, med duell etter duell. Den fyrste store målsjansen var det Skoldar som hadde ein halvtime ut i kampen. Det var berre uflaks som gjorde at ballen gjekk i stonga og ikkje i nettet. Fem minutt etter fekk gjestene nettkjenning, og resten av omgangen var heimelaget stort sett sjanselause.
Andre omgang byrja som den fyrste enda, men no var det Skoldar som styrte kampen. Etter at Leirvik fekk det andre målet sitt sette Skjoldar inn alle krefter. Dei gjekk på med alt dei hadde og fekk løn for strevet med to mål på få minutt. Brått var kampen heilt open att. Skjoldar tok føringa, dei skapte fleire sjansar og var på hogget heile tida. Fleire gonger hadde dei skot på mål som enda rett ved sida av eller rett over, mens Leirvik skapte lite i denne delen av kampen.
Ikkje eingong då Leirvik sette inn sitt tredje mål, berre fem minutt frå full tid, gav karane frå Skjold opp. Dei sette innpå nye friske spelarar og håpte i det lengste på utlikning, men då dommaren bles måtte dei ganske skuffa sjå seg slått i ein kamp som godt kunne ha gått den andre vegen.
— Dette var blodig urettferdig, gutane tok ut alt det dei hadde, sa Skjoldartrenar Linda Worre Bråtveit.
— Kampen gjekk som forventa med duell på duell og lite godt spel, men dei gongene me klarte å senka skuldrene fekk me til eit par gode overgangar, me må hugsa på at dei er eit av topplaga, konkluderte ho.