Suveren Etne Cup

Det kom 1500 tilreisande fotballentusiastar til Etne-bygda i helga. 100 påmeldte lag med trenarar og […]

Det kom 1500 tilreisande fotballentusiastar til Etne-bygda i helga. 100 påmeldte lag med trenarar og foreldre på slep gjorde sitt til at dugnadsgjengen i Etne IL hadde det travelt frå morgon til kveld. Utan den fantastiske dugnadsånda i Etne IL hadde arrangementet vore umogleg å gjennomføra. Vel 200 frivillige har tatt i eit tak. Vakter, dommarar og frivillige på kjøkenet, der tre måltid vart avvikla kvar dag, måtte opp og fekk alt trygt i hamn.

– Alt har gått knirkefritt. Det kan me takka dugnadsgjengen for, seier ein nøgd Sigbjørn Rafdal, leiar i hovudnemnda for Etne Cup.

Fotball på lerret og bane

Dei aller første kampane starta i femtida fredag kveld, og deretter gjekk det slag i slag til finalane vart spelte søndag ettermiddag. Publikum trassa regnet og møtte mannsterke opp den siste og avgjerande dagen. Jentefinalen vann Strandulv 3-1 over Skogsvåg IL. Gutefinalen vart meir interessant for lokalmiljøet, sidan Etne IL kom heilt til finalen og gjekk sigrande ut av kampen med 6-1 over Osterøy/Hausvik. Eit imponerande resultat som fekk stormande jubel!

For alle fotballinteresserte var det eit viktig tiltak at EM-kampane vart viste i kinosalen. Frå mange aktive timar på banen om dagen gjekk turen til kinosalen om kvelden, der kampar som Frankrike – Hellas og Sverige – Nederland vart vist.

Forutan den vanlege cupen, blei det arrangert ein ekstra straffekonkurranse. Alle laga hadde tre straffar kvar, og det vart mykje spenning ut av denne publikumsvennlege konkurransen. Etne gjorde reint bord i både jente- og guteklassen – til stor glede for heimepublikummet.

Utanfor banen

Innimellom kampane gjekk det i snop og is. Ein jentegjeng frå Stord syntes det var kjempekjekt på cup i Etne.

– Me har vunne alle kampane! Det er veldig kjekt når me ikkje spelar og, for då ser me på gutar, fnisar dei.

Arrangørane gjorde ein tabbe: Den gjekk på marknadsføringa av diskoteket som gjekk av stabelen laurdag kveld. Med store plakatar av Gaute frå Idol, påskrive “Diskotek klokka 21”, var det mange som naturleg nok trudde stjerna kom for å opptre. Mange var lei seg for at dette ikkje var tilfelle. Til trass for misforståinga vart laurdagskvelden ein suksess. Diskoteket var høgdepunktet for mange. Ein innleidd DJ underheldt ungane med musikk og konkurransar.

Martin Kristiansen (t.h) og dei andre på Skånevik minigutelag vann denne kampen 3-2 over Selbjørn.

Martin Kristiansen (t.h) og dei andre på Skånevik minigutelag vann denne kampen 3-2 over Selbjørn.


Det var representert lag frå Bergen til Haugesund på Etne Cup i helga. Vard i raudt tapte denne kampen mot Rubbestadneset.

Populært diskotek. Charlotte (t.v) og Isabel Flydal var blant dei som føretrakk dans framfor fotball på storskjerm i kinosalen.
FOTO: HANNE RULLESTAD