Suverene i toppen

Nøyaktig 28.820 meter er løpet langs fjorden på gamlevegen frå Skånevik til Etne. Vindstille, overskya […]

Nøyaktig 28.820 meter er løpet langs fjorden på gamlevegen frå Skånevik til Etne. Vindstille, overskya og 17 grader var det nesten perfekte vêret for gode tider. Etnebu og HIL-løpar Ingemund Askeland var ganske overlegen med tida 1.30.02. Det er sju minutt bak rekorden til Knut Erik Rame.
Askeland hadde både fått i seg saft, banan og strekt såre musklar før Wiktor Berg frå Sveio kom inn som nestemann, over ti minutt etter.
Like suveren var Therese Sjursen frå Haugesund som debuterte i Fjordalangs. Klubblause Sjursen la bak seg alle HIL-damene som deltok.

Er operert

Eliteløparen Askeland deltok også i Fjordalangs for første gong, og tok vegløpet som ei god treningsøkt. Baneløparen er enno ikkje restituert etter ein operasjon i akillesen rett etter nyttår.
— Eg har ikkje fått trena så mykje enno. Det gjekk trått heilt frå starten av, men det er gøy å ha vore med på Fjordalangs. Det var ei fin økt i oppbygginga eg er inne i. Det blir ein mellomsesong på grunn av operasjonen, seier Askeland.
Det er ikkje første gong Askeland har vore under kniven, men han kjem alltid tilbake. Han håper på å bli klar til 10.000 meter i NM i Florø i august.

16 gonger

Det var fleire trufaste løparar som hadde merkedagar i Fjordalangs i år. Waldemar Olsen frå Sauda deltok for tiande gong og fekk den gjæve klokka. Gunnar Vaage frå IL Trio i Kvinnherad har deltatt i 16 av 17 Fjordalangs. Han tangerer dermed Gisle Sellevold frå arrangørklubben Klypetussen som ikkje deltok i år. Dei to har løpt til saman 41 mil i Fjordalangs. Gunnar Vaage har langt frå tenkt på å gi seg.
— Lysten kjem alltid tilbake når løpet nærmar seg. Slik blir det vel neste år også. Fin natur og eit godt arrangement gjer at det er kjekt å vere med. Er du i form, er det råd å nyte naturen dei to første mila. Deretter har ein nok med kroppen, seier Vaage.
Det var litt færre deltakarar i årets Fjordalangs enn det pleier vere. Seks kvinner og 38 menn stilte til start på idrettsbanen i Skånevik, og 43 fullførte.
— Det var litt færre tilreisande i år. Ein del svikta i siste liten, og det er nok det sure veret vi har hatt i det siste som får ta skulda. Vi har også publisert løpet litt mindre enn vi pleier. Dette skal vi ta igjen neste år, seier løpsansvarleg Olav Samland i IF Klypetussen. Litt sesongsvingingar er ikkje til å unngå, meiner han.