Svak næringsminister eller svak regjering?

Eg trur faktisk Eriksen vart nokså skuffa då han opna det raudgrøne verktøyskrinet og forstod […]

Eg trur faktisk Eriksen vart nokså skuffa då han opna det raudgrøne verktøyskrinet og forstod at han ikkje kunne bli tryllekunstnar, men at han måtte bli syndebukk for dei mange løftebrota. Han måtte sjølv kutte nesten 100 millionar i Sentrum-Høgreregjeringa sitt forslag til satsing på nyskaping, innovasjon og næringsretta forsking. Og då kollegaene i den raudgrøne regjeringa gav meir enn halvannan milliard ekstra i skatt på utvikling og nyinvesteringar i bedriftene og kutta dei generelle forskingsløyvingane, då kan ein forstå at han nokså oppgitt døypte verktøyskrinet om til smykkeskrin. Mest til pynt og stas, mindre eigna til praktisk kvardagsarbeid.
Resultata av dei raudgrøne kutta til nyskaping, forsking og utvikling vil vi merke etter kvart, og spesielt på lengre sikt. Når det gjeld dei andre sidene av næringspolitikken som dei raudgrøne skulle forandre, at staten skulle styre næringslivet meir aktivt, er ikkje næringsministeren den som er verst i klassen. Eg trur han raskt innsåg at beste politikken er å forandre minst mogleg. «Fornyingsministeren» og fiskeriministeren er på langt villare vegar. Fleire av Konkurransetilsynet sine vedtak for å hindre mono-poldanningar og høgare prisar er blitt politisk overprøvde av Heidi Grande Røys. Helga Pedersen stoppar nødvendige omstillingar i fiskeripolitikken og lar fylkespolitikarane i Nord-Norge få ansvaret for å fordele fiskekvotar. Mot desse to står næringsministeren fram som moderat. Så gi ikkje Odd Eriksen åleine skulda for dei brotne løfta og den litt uheldige starten for den nye næringspolitikken.

Stortingsrepresentant
Petter Løvik,
næringspolitisk talsmann Høgre