Eg vil ta utgangspunkt i budsjettkonferansen 14. og 15. november då dei fleste forstod alvoret med eit budsjett på minus 10.8 millionar. Anbjørn foreslo tidleg i prosessen tre prosent lønskutt, delvis vakante stillingar. Høyre støtta dette forslaget, me hadde ein begynnelse. Det var stort fleirtal for at me skulle finna penger til barnehage på Sandeid, maling til kyrkjene i Vats, Vikedal, Imsland. Dessutan pengar til Vindafjordhallen og Skytebanen.
Dette førte til at administrasjonen kom fram med forslaget om utsetjing av avdraga på 4,7 millionar kroner. Det gjekk ein lettelse gjennom dei som følte seg trakka på (AP).
Det var nå eg foreslo å flytta Biblioteket til Vindafjordhallen. Det ville styrka besøkstalet til Hallen og Biblioteket. Me ville og frigjera areal til barnehage på Sandeid til ein billeg penge. Kostnad til litt under ein million. Dette blei lite populært på Sandeid der kun ny barnehage var godt nok. Eit samrøystes kommunestyre sa 15. juni at utvidelse av barnehagen skulle skje i eksisterande bygningar.
Høyre prøvde på fleire formannskapmøte å koma fram til ei felles finansiering av desse tiltaka, eks. bruk av lønnsreserve, reduksjon av vakante stillinga, salg av eldre boligar, reduksjon av varekjøp, utsetjing av kjyrkjegardutvidelse, men AP var gått i vranglås. Eg skal godt ta kritikk for dårleg budsjetthandsaming, men når AP var skeptisk, sa nei til alt, eller sa dette er ikkje kvalitetsikra tal, då blei det vanskeleg.
Slik eg forstod ordføraren var det kun Gerd Ingunn rådmann som kunne kvalitetssikra tala.
Men går ein utfrå det såkalla «mest realistiske budsjett» som er vedtatt, kan det sjå ut for at A. Stople og er ein slik kvalitetsikrar. Eg høyrde ikkje at rådmannen hadde kvalitetsikra SP si finansiering av barnehagen.
For to år sidan løyvde Vindafjord kommmunestyre 600 000 kroner til Sandeid og Vats kyrkjer, 400 000 gjekk til Sandeid p.g.a. jubileum der først. Det er skuffande å sjå at AP og SP overser Vats og finn det viktigare å prioritere maling til Vikedal/Imsland kyrkjer med 200 000 kroner.
Dette er patriotisme, det blir lite politisk samhald av slikt. Eg trur ikkje fleirtalet i kommunestyret har noko vidare vondt av om dei andre tiltaka ikkje blei stetta. Eg er etter denne budsjettrunden overbevist om at fusjonen Ølen/Vindafjord er rett.
Utan pådriv frå Høyre hadde ikkje så mange kommmunale vegar vorte asfalterte, det burde vera kjent for Reidar og Åsmund.
Helsing Severin Fatland, formannskapmedlem for Høgre
Svar til AP og SP som gjekk i vranglås
Eg vil ta utgangspunkt i budsjettkonferansen 14. og 15. november då dei fleste forstod alvoret […]