Nyttårsaftan blei alle kledde i finklede og pynta, og kom til bords klokka 9. Det var fint pynta, og mat av alle slag, så me viste mest ikkje kva me ville ha. Det var nokre som ikkje kunne koma til bords, og dei fekk mat på rommet.
Etter maten gjekk me i daglegstova. Der var det allsong og Audny Jespersen spela. Det var fine julesongar, og då klokka var 12 var det middag. Til middag fekk me pinnekjøtt etterfølgt av moltekrem. Å du som me kosa oss.
Så var det den vanlege middagskvila. Då me stod opp att var det kaffi og alle sortar kaker. Til kvelds var det rømmegraut og spekemat. Når kongen tala kosa me oss me et glas lettvin som var sponsa av Ole Martin Grindheim. Tusen takk for det Ole Martin. Takk også for blomar me har fått.
Det er vondt å sjå at de skriv i bladet slik som de ikkje veit. Me hadde det godt i heile julehelga, og elles om dagane også. Dei som steller for oss må jammen stå på.
Sina Hardeland