Sveitt innspurt på Vikaneset

— Få med at dette var ei kjempeløype. Variert. Og me fekk springe ut i […]

— Få med at dette var ei kjempeløype. Variert. Og me fekk springe ut i terrenget, seier ein av dei første deltakarane i mål, før han hastar vidare for å få i seg noko drikke.
Den nye løypa starta på Vikaneset i Skjold og gjekk 8.7 kilometer om Haraldseid, før den enda der den starta. Den var korta ned med 2.3 kilometer frå tidlegare år.

Suveren vinnar
— Det gjekk greitt, men det var tungt på slutten. Eg prøvde å henge meg på to framføre meg, men greidde det ikkje heilt. Det var ei kjekk løype, men mykje bakkar. Godt vêr å springe i, kommenterte Miriam Berg Hovda idet ho er vel i mål.
Regnbyene gav nemleg god avkjøling til sveitte løparar. Ikkje uventa var det Berg Hovda frå Haugesund I.L som vann kvinneklassen, i år som i fjor. Ho sprang inn på tida 34 minutt og 15 sekund. Totalt var det berre fem kvinner som stilte på startstreken i hovedløpet, og Berg Hovda var i mål heile ni minutt før neste kvinne. Nummer to i kvinneklassen blei Bodil Melkevik, også ho frå Haugesund.

Sterkt av Stegaberg
Men den aller første til å bli heia i mål av det regnverskledde publikummet, var Tor Gismarvik frå Stegaberg I.L. Med tida 28 minutt og 39 sekund har han den førebelse persen i den nye løypa, og han vann herreklassen med god margin. Nummer to blant herrane blei nok ein Stegaberg-løpar: Kjetil Lothe. Han kom inn på tida 31 minutt og 39 sekund.
Totalt stilte 34 personar på startsstreken i det såkalla hovedløpet. Tidlegare på dagen hadde turgåarar gått same løype i det som heiter Fredsmarsjen. Her stilte 38 personar. Miniløpet for born opp til 12 år var ekstra populært: 47 ungar deltok, og alle fekk medalje.

Populært for born
— Me gjekk rundt grasbanen og opp. Det var kjekt, fortel Brage, ein av dei heilt unge deltakarane.
— Eg har vore med mange gonger før. Me vinn medaljar og har det kjekt i lag med andre, utfyller Bård.
Arrangementet gjekk av stabelen for 18. gong på Kristi Himmelfartsdag.
— Det har blitt ein tradisjon å arrangere dette mosjonsløpet for distriktet, slår Bernt Arne Skjold fast.
Han var ein av arrangørane frå friidrettsgruppa i I.L Skjoldar. Kaffi, kos og trekning av gevinstar på startnummer høyrde tradisjonen tru også med.