Sveitta for bluesen

Tre polakkar frå Cirkus Berny er proffane med kommandoen, men dei 10-12 faste i riggegjengen […]

Tre polakkar frå Cirkus Berny er proffane med kommandoen, men dei 10-12 faste i riggegjengen i Skånevik er etter kvart godt drilla i å rigge teltet. Det er ikkje så lite heller med sine 2.300 kvadratmeter.
Dei har meldt seg frivillig, og dei aller fleste er medlemmer i Skånevik bluesklubb.

Ti år
— Bluesfestivalen er kjempegreier. Vi har vore med i ti år og det er like gøy. Det er ganske sosialt å vere med, seier Rune Johansson,
Saman med Steinar Ness og Finn Ove Solberg har han vore med på teltrigging sidan starten av festivalen. Dei har dermed også tiårsjubileum i år. Men alle i riggegjengen har vore med i mange år.
— Jo, jo, det var litt mindre forhold det første året då bluesfestivalen lånte grautteltet til Etnemarknaden. Men det tok nesten like lang tid å rigge opp, mimrar dei.
Dagens store telt eig Skånevik bluesfestival saman med Cirkus Berny og Vikedal Roots Music Festival.
Happening
Riggegjengen går nesten på autopilot frå år til år med frivillig dugnad.
— Nokon må jobbe for at det skal bli bluesfestival. Det er den største happeningen i Skånevik og det er stort sett lett å få folk med på dugnad, seier Finn Ove Solberg som er leiar for Skånevik bluesklubb.
Klubben har ansvaret for vakthaldet på ein av festivaldagane og er leigd inn av bluesfestivalen. Den jobben deler dei med Skånevik Idrettshall og Skånevik Skyttarlag som har dei to andre kveldane. Laga får betalt rundt tusenlappen per vakt, pluss at vaktene får ein fribillett i teltet. Litt kroner blir det i klubbkassa.
Det er rundt 150 personar som jobbar dugnad for å få ein knirkefri bluesfestival.

Ferie og blues
Gjengen blinkar av nesten ei veke til bluesen, med dugnad og festivalopplevingar. Dei fleste plasserer ferien rundt festivalen, eller tar fridagar for å vere med på det største løftet for Skånevik gjennom året.
— Det er ikkje berre dugnad, alle får oppleve bluesen på frikveldar. Bluesklubben skal jobbe laurdag, fortel Finn Ove Solberg.
The Blues Brothers er det unisone svaret på kva som kan bli det største på årets festival.
— Blir det slik som sist er det ingen tvil. Det var utruleg stemning, seier Paul Tungesvik.
Solberg held også ein knapp på Blues Brothers, men han er også spent på Omar & The Howlers.
Bluesinteressa er upåklageleg med 70 medlemmer i bluesklubben i Skånevik.
Teltet skal opp på ein dag, og dei ligg litt på etterskot. Det er berre til å hengje i trass i solsteiken.