Svekka snøggbåttilbod

Frå 1. januar la HSD om rutene sine og Flaggruten sin frekvens blei redusert. Dette […]

Frå 1. januar la HSD om rutene sine og Flaggruten sin frekvens blei redusert. Dette gir seg også utslag i hurtigbåttilbodet for passasjerar frå Utbjoa, Ølen og Skånevik. Frå Skånevik er talet på avgangar redusert. Ølen har mista to anløp frå Bergen, Skånevik har fått ein ekstra, men passasjerar må i større grad venta på Leirvik.
— For nokre blir det dårlegare tilbod, ja, men når politikarane har bestemt at rutene skal ut på anbod kan ikkje me driva ruter som går med tap. Me leverer hurtigbåtruter i samsvar med fylket sine avgjerder. Bakgrunnen er anbodsutsetjinga av rutene, og anbodet gav oss høve til å sjå dette i eit lengre perspektiv, seier Arild Sondre Sekse, informasjonsdirektør i HSD.
HSD og Fjord1 vann i haust anbodet for hurtigbåttilbodet i Sunnhordland. Anbodet trer i kraft 1. januar 2007 og har ei lengd på sju år.

Stoppa underskotet
Frå å ha hatt fire daglege avgangar frå Bergen og Stavanger har Flaggruten nå to. Dette verkar igjen inn på tilbodet frå Leirvik.
— Nå har me fått ei total løysing som kan gå med overskot, men for kundane er tilbodet redusert. Når me har drive med 10 millionar i underskot, og me stoppar dette tapet, vil det nødvendigvis gi eit svakare tilbod enn før, seier Sekse.
Flaggruten har gått med underskot på 10 millionar kroner kvart år dei siste to-tre åra.
Her er nokre sentrale endringar i distriktet vårt:
Skånevik har nå tre daglege avgangar til Bergen mot fem tidlegare.
Båten som går frå Ølen kl. 07.55 og Skånevik kl. 08.25 på kvardagar går nå berre til Leirvik. Det gjeld også båten frå Skånevik kl. 15.50 på kvardagar.
Torsdag og fredag går det båt frå Bergen kl. 12.30 til Skånevik (etter 40 minuttars ventetid på Leirvik).
Det går ingen båt frå Bergen kl. 07.55 og kl. 17.10 til Skånevik og Ølen. I staden for går det båt kl. 16.15 frå Bergen og med 40 minuttars opphald i Leirvik kjem ein seg til Skånevik og Ølen. Båten kl. 19.45 frå Bergen går berre til Skånevik, og ikkje til Ølen.

Ikkje korrespondanse
— Me var innstilte på å oppretthalda tilbodet som var, men HSD kunne ikkje driva Flaggruten med den same frekvensen. Det har fylket akseptert og godkjent, seier Rolf Rosenlund, nestleiar i samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
Båtane som går frå Ølen kl. 07.55 og Skånevik kl. 08.25 og frå Skånevik kl. 15.50 går berre til Leirvik, men det er mogleg å ta Kystbussen vidare til Bergen.
— Kystbussen og HSD Sjø ringer kvarandre dersom hurtigbåten kjem for seint og gjer det dei kan, men det er ikkje lagt opp til at Kystbussen ventar på hurtigbåten. Dette er tilfeldig, og er ikkje ein planlagd korrespondanse mellom Kystbussen og HSD Sjø. Difor er ikkje HSD forplikta til å skaffa transport til dei som ikkje når bussen, seier Sekse.
For fleire ruteopplysningar sjekk http://www.hsd.no