Svekkar tilliten

Riksrevisjonen meiner det ikkje er tvil om reglane, og at både administrasjonen på Stortinget og […]

Riksrevisjonen meiner det ikkje er tvil om reglane, og at både administrasjonen på Stortinget og politikarane sjølve har ansvaret for at reglane blir følgde. Å følgje lovar og reglar skal vere likt for alle uavhengig av posisjon i samfunnet. Politikarane kan heller ikkje ha heilt andre reglar enn det vanlege samfunnsborgarar har.

Sentrale ekspolitikarar har mottatt meir pensjon enn dei har rett på, og konsekvensane for dei personleg får tida vise. Det er alvorleg at Stortingets pensjonsstyre fekk rapporten frå Riksrevisjonen alt i april utan å ha gjort noko konkret. Det vitnar om ei form for kameraderi der ein ser lett på det som ville fått store konsekvensar for andre. Normalt får ein straff for å ta imot meir pensjon enn ein har rett på. Først når media kom på banen, fekk pensjonsstyret det travelt med å meine noko.At administrasjonen har hatt så lite kontroll, er ei lemfeldig haldning som ein også kan tolke som kameraderi.

Pensjonsjukset kastar for alvor lys over den pensjonsordninga politikarane har gitt seg sjølve. Dei har heilt andre reglar enn Ola og Kari i gata, og det skapar politikarforakt i opinionen.Stortingspolitikarar gjer ein viktig jobb, og enkelte kan kome litt i knipe i forhold til jobb og pensjon når dei går av. Difor bør dei ha ei god ordning.Men det kom nok som eit sjokk for dei fleste at i tillegg til rundhanda pensjon, kan politikarane ha inntekter i tillegg som varierer etter alder, men som er minst like store som pensjonen. Denne ordninga blir avskaffa, men det er neppe like lett å avskaffe det negative bildet dei folkevalde skapar ved å godta slike særordningar for seg sjølve.