Svensk etnemeister i bordtennis

Lars Byström, ny innflytta sørstrending, gjekk gjennom alle kampane sine i herreklassen utan eit einaste […]

Lars Byström, ny innflytta sørstrending, gjekk gjennom alle kampane sine i herreklassen utan eit einaste tap. Det same gjorde 13-åringen Ragna Grindheim i dameklassen. På damesida var alle klassane slått samen i ei pulje, alle mot alle, sju stykk til saman. Mange spanande og jamne sett, men ingen klarte å slå Ragna denne gongen.
Guteklassen størst
Den klassen med flest påmelde, var guteklassen. Heile ni gutar mellom 4 og 13 år ville konkurrera mot kvarandre. Her måtte ein dela opp i fleire puljer. Alle spelarane fekk prøva seg mot mange motstandarar, og ein kunne stadig høyra jubelbrøl og fortvila rop i salen. Iveren var det ikkje noko å seie på. Mykje godt spel, med lange ballvekslingar, lovar godt for framtida til Etne bordtennisklubb.
Finvêret får ta skulda for at ikkje fleire fann vegen til Sørstranda denne laurdagen, men det kjem garantert fleire turneringar framover, når ein ser kor kjekt spelarane hadde det denne gongen.
 
Etne bordtennisklubb