Svinesti i friluftsperle

Fleire gonger i vår vart Honsvikjo forsøpla av kjende og ukjende gjester, som har brukt […]

Fleire gonger i vår vart Honsvikjo forsøpla av kjende og ukjende gjester, som har brukt stranda til å opna vårfestsesongen. Martin Dyrseth i Olav Vik Stiftelsen er opprørt over liten respekt for plassen og for andre som nyttar staden til utflukt og bading.
— I påska var det fest her, og dagen etter låg det masse boss igjen ved vasskanten. Alt frå isoporemballasje frå gatekjøkken til posar med matrestar, samt øl- og vinflasker. Sjølv om det var sagt at det vart rydda. Det såg ut som ein svinesti, seier Martin Dyrseth.
Han spora opp festdeltakarane og gav dei beskjed om å rydda etter seg. Men ingenting av bosset vart henta, og i mellomtida fortsette måkar og kråker festen med å forsyna seg av matrestane i bæreposane og spreidde dette over eit stort område.
Det er tredje året han er med i styret i Olav Vik Stiftelsen, men har ikkje registrert så mykje tilgrising på staden før.
— Jo, det var kanskje ei brusflaske eller noko liknande som låg og slengte, men ikkje så mykje drit og lort som i år, seier han.
Salong i naturen
Men det verste tilfellet av forsøpling av den vakre stranda i Honsvikjo, vart oppdaga onsdag etter 1.mai. Laurdagen før var det fest i Honsvikjo. I det høve vart ein del gamle møbler, stort sett nedslitne lenestolar og tosetarar, tekne fram i dagens lys og sette på grassletta på stranda.
— Måndag vart møblane flytta inn i naustet attmed badeplassen, men tekne fram igjen allereie på tysdag. I dag er det torsdag, men ingen har rydda vekk møblane, seier Martin Dyrseth og bøyar seg ned for å plukka opp restar av solbriller.
— Sjå, her ligg det også glasskår frå ei knust ølflaske. Ungane som kjem for å leika her, kan lett skjæra seg på det, meiner Dyrseth.
Møblementet som er stilt ut på grassmatta, ser ut til å vera hivegods frå den årlege skrotinnsamlinga, som har nettopp gått føre seg i Etne.
— Ein må ha traktor eller noko liknande for å frakta alt dette til Honsvikjo, trur Dyrseth og startar jakta etter ansvarsmenn med å ringja til dei han trur kan ha noko med dette å gjera.
Må ordne opp
— Ingen har ryddeplikt her. Olav Vik Stiftelsen eig området, men alle er svært velkomne til å bruka stranda, grillplassar, parken og turstiar etter som det passar dei, slik det står i testamentet til Olav Vik. Men det viktigaste er at alle må plukka bos etter seg, er Martin Dyrseth klar på.
Etter til saman ti telefonsamtalar i løpet av torsdagen, har Martin Dyrseth funne ein traktorførar som var med på fraktinga av møblane til festplassen på Honsvikjo.
— Men han gjorde det for å hjelpa to andre, som arrangerte sjølve festen. Han har også rydda etter festen, men var ikkje klar over at møblane stod framleis framme. Han lova å henta dei og var veldig hjelpsam. I tillegg, viste det seg at det var ein veldig stor fest, der folk frå alle kantar var samla der. Eg har fått namna på dei som organiserte alt og vil kanskje ta ein prat med dei, seier Martin Dyrseth.