Etter mykje att og fram dei siste månadane, har dei på førespurnad frå NATO i staden vedteke at Noreg skal senda 150 fleire spesialsoldatar til det krigsherja landet.
For SV, som er partiet som er imot NATO og markerte seg sterkast i å lova at dei norske soldatane skulle heim, er dette ikkje noko anna enn nok eit stort nederlag i samarbeidsregjeringa. Nyleg tapte dei også prestisjesaka om bygging av gasskraftverk på Mongstad, og partiet opplever sterk intern misnøye med utfallet i desse to sakene.
At det er Arbeidarpartiet som dominerar Regjeringa er ikkje noko overrasking, men om SV finn seg i å bli så synleg dominert gjennom heile fireårsperioden, er eit ope spørsmål. Partiet har stupt på meiningsmålingane sidan valet for eit og eit halvt år sidan. Kommune- og fylkestingsvalet kan bli ein stor prøvestein. Dersom partiet tapar for mykje på å sitje i ei regjering dei så langt har fått få synlege resultat på, kan samarbeidet vera over før neste stortingsval.
Men førebels vert partiet sitjande. Sjølv ikkje eit gryande opprør på grasrota er nok til få partiet ut av regjeringskvartalet med det første. Fleire SV-politikarar meiner det er på tide å vurdere regjeringssamarbeidet på nytt, og ungdomspartiet til SV går sterkt ut mot si eiga regjering og varslar aksjonar om det omstridde vedtaket. Debatten vil gå varm fram mot landsmøte i slutten av mars.
No er det ikkje berre denne saka som avgjer eit regjeringssamarbeid. Og sjølv om regjeringa no har valt å sende fleire spesialsoldatar til Afghanistan, har det skjedd endringar i den norske politikken på dette området sidan Ap, SV og Sp tok over makta etter Bondevik.
Regjeringa har lenge vore avventande med å sende soldatar, og politikken har dreia over på å gje meir bistandshjelp enn rein militærhjelp i denne typen internasjonale kriser. Dermed kan samlingsregjeringa til ei viss grad hevda at dei legg vekt på meir enn berre å senda soldatar dit NATO og USA vil. Om det er nok til å forsvara sendinga av nye soldatar i NATO-teneste, gjenstår å sjå.