Synnøve Opstvedt har sydd bunader i over 35 år og det er ikkje få ho har kledd opp i sin finaste stas. Ho fortel at det heile tida har vore delt nokolunde likt mellom rogaland- og sunnhordlandbunaden.
— Det viser seg at døtrene helst vel bunad frå der mora er i frå, seier ho.
— Ølen er jo blitt ein del av Rogaland. Er det fleire som vel rogalandsbunad nå enn før?
— Nei, det er det ikkje. Valet av bunader er som før. Ølen ligg nå der det alltid har lege, seier ho bestemt.
Når det gjeld mannsbunader, er også valet likt fordelt mellom Rogaland og Sunnhordland.
Men ho fortel at ho syr mange mannsbunader gjennom året, og kunne sydd fleire. Det gjeld forresten til både kvinner og menn.
— Ja, dette er jo eit positivt problem, men eg har ikkje kapasitet til å ta på meg meir enn eg gjer, seier ho.
Sjølv om ho kjøper tenester som brodering, blir tida for knapp.
Nå har ho utstilt ein mønsterbeskytta rogalandsbunad frå Ombo. Ho fortel at alt på bunaden har røter langt tilbake, og dokumentert blant anna i skriv av Magnus Våge frå 1929. Ho fortel at det har vore ei glede å finne fram til spesiell saum på denne bunaden.
Men som andre som syr bunader, er også dette ei svært travel tid for Synnøve Opstvedt.
— Ja, fram til konfirmasjonen er det ekstra travelt. Den dagen er liksom ein D-dag, seier ho.
Sydd bunader i 35 år
Synnøve Opstvedt har sydd bunader i over 35 år og det er ikkje få ho […]