Sydenruss frå Sandeid

Vidar Alfarnes  Og der er ho enno. Me fann ho på Den norske skulen i […]

Vidar Alfarnes 

Og der er ho enno. Me fann ho på Den norske skulen i Arguineguin. Ein solvarm formiddag i februar, der undervisinga var lagt vekk for ein dag og to, og der det aller meste handla om den årlege volleyball-turneringa. Utandørs sjølvsagt.
— Eg er ikkje nett den høgaste i gjengen, så eg brukar i staden kreftene til å heia på klassekameratane, smiler den sommarbrune russejenta.

Først på internat
— Det heile er eigentleg litt tilfeldig. Eg har aldri tidlegare vore i Syden, og det var gjennom ei veninne av mor mi eg vart gjort kjent med at det var ein norsk skule på Gran Canaria. Var litt lei avsidesliggjande Ilsvåg og skulegongen i Ølen, og lengta veldig etter noko anna. Å fullføra gymnaset i Syden høyrdest forlokkande ut, og eg sette i gong søknadsprosessen. Det gjekk greitt, og i august 2007 var eg på plass. Sidan eg då var under 18 år, og ikkje hadde annan familie med meg, måtte eg første året bu på skulen sitt eige internat. No deler eg husvære med sørlandsjenta Hanne. Me bur flott til på Trasera Dibicena, knappe 20 minuttars gåtur frå klasserommet, fortel Maren.
På skulen har jenta frå Vindafjord valt seg engelsk, spansk og politikk som fordjupningsfag.
— Miljøet er veldig bra, og lærarkreftene er også svært gode. Det er populært for norske lærarar å søkja seg hit. Men dei fleste som kjem til Colegio Noruego likar seg så godt at dei vert verande år etter år, og av den grunn er det lite utskifting i lærarflokken.

Ikkje nett gratis
Den norske skulen er ein privatskule som tilbyr alt frå barnehage til fullført gymnas. Han vart i si tid tilrettelagt som eit tilbod til dei som av helsemessige årsaker hadde godt av eit opphald i det ultimate klimaet på sørspissen av den populære ferieøya. I dag er det óg mange som kjem på grunn av at dei slit med astma, allergi eller ulike hudsjukdomar. Men det er også fleire som Maren. Elevar som rett og slett ønskjer seg eit annleis skuleår og to. Det er óg mange familiar som har emigrert frå Noreg, og då er det ofte naturleg å søkje ungane inn i norsk barnehagen eller skule.
— Det er absolutt ikkje gratis å gå på skulen i Arguineguin. Me betalar 18.000 kroner i året i skulepengar. Eitt år på skulen sitt eige internat, Los Teques, kosta 63.000 kroner. Men då var også alle måltid og all nistemat inkludert. Dette året deler Hanne og eg ei månadsleige på 700 euro, røpar Maren.

Firbeint kamerat
— Korleis eg finansierar dette? Det har vorte mykje jobbing på sjukeheimen i Vats, når eg har vore heime i feriane mine. Seinast i jule- og nyårshelga. I tillegg får eg stipend, og så hjelper mamma og pappa til. Så då går det i hop på eit vis, smiler jenta som har ein storebror og to yngre søsken heime i Ilsvåg. Og som nyleg fekk eit nytt ”familiemedlem”!
— Eg gjekk og kikka litt i ein dyrebutikk, då eg kom over ein hundekvelp. Den måtte eg berre ha. Amira er ein skikkeleg blandingshund, eller gatehund om du vil. Me har teke dei vaksinane som me kan så langt, og planen er at Amira reiser saman med meg heim til Noreg i sommar, smiler 18-åringen som er russ med elevar frå heile landet.
— Vi har eit eige russekor som eg er med i, men ellers har det ikkje vore dei store sprella enno. Men litt ekstra moro blir det vel før skuleåret og opphaldet på Gran Canaria er over for denne gong, seier den friske 18-åringen.