Sykkel til Dreganes

— Det er ein fin tur på vel fem kilometer kvar veg. Vi legg opp […]

— Det er ein fin tur på vel fem kilometer kvar veg. Vi legg opp til ein familietur som er for alle, både unge og gamle. Ein tar det i det tempoet ein ønskjer. På Dreganes kan ein grille om ein vil, fortel Torstein Hauge i Ølen idrettslag.
Turen på søndag er eit forsøk som er planlagt følgt opp til hausten med fleire sykkelturar i distriktet. Vikedalsdalen og Ølensvåg-Bjoa over fjellet er aktuelle mål.
— Vi vil bidra til fysisk aktivitet og slike turar er sosiale. Vi vil sjå responsen før vi planlegg noko meir, seier han.