Syklist mot campingvogn

Både politi og ambulanse rykte ut førre onsdag ettermiddag då det kom melding om at […]

Både politi og ambulanse rykte ut førre onsdag ettermiddag då det kom melding om at ein syklist var påkjørt like vest for Etne sentrum. Uhellet skjedde i samband med at ein vestgåande nederlandsk bil med campingvogn svinga inn til sida for å sleppe bilar forbi. Campingvogna blei ståande litt ut i vegen slik at dei forbikøyrande bilane måtte gjere ein sving utanom den. Syklisten, som også kom vestover, oppdaga ikkje dette og hamna rett i campingvogna. Venstre baklys på campingvogna blei knust, og syklisten klaga over smerter i ein fot og blei frakta til sjukehuset i Haugesund for kontroll.