Ta bærsesongen i bruk

Antioksidantar er eit samlenamn på ei heil rekkje stoff som finst i bær, frukt og […]

Antioksidantar er eit samlenamn på ei heil rekkje stoff som finst i bær, frukt og grønsaker som gjer godt for kroppen. Forsking har vist at antioksidantar er blant dei beste midla for å førebyggje sjukdom, men ikkje nok med det, bær inneheld også få kaloriar etter det volum ein får i seg.

Nettopp dette siste bør få oss til å reagere. Det er urovekkjande når ein veit at talet på overvektige barn aukar faretrugande her i landet. Fleire kjeder som fører barneklede lanserar nå storleik XL for barn. Dette er sikkert gledeleg for dei som treng det, men bør ikkje bli ei sovepute og ein spore til ikkje å ta grunnen til at vekta aukar alvorleg.

Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Kristin Krohn Devold gjekk nyleg ut og åtvara mot at ein er i ferd med å få eit klasseskilje mellom dei som er fysisk aktive som barn og dei som ikkje er det. Ho trudde ein del foreldre på dette området ikkje tek foreldrerolla alvorleg nok. Avdelingsdirektør Henriette Øien i Sosial- og helsedirektoratet var raskt ute og meinte dette kan ha med folk sin økonomi å gjere.

Sjølvsagt kan dette ha noko med kor i landet vårt du bur, men her på våre kantar, som naturen ligg til rette for å bli brukt gratis rett utanfor stovedøra, kan det ikkje skuldast økonomien hos folk, men helst tiltak når det gjeld å ta gratisgodane i bruk.

Utover hausten vil fleire bærsortar stå mogna og ferdige til å bli hausta. I fint haustver bør dette vere noko som freistar heile familien. Likeins har turlaga i kommunane våre fleire turar som passar for heile familien på programma sine. Prisen for å vere med på desse er så og seie berre det det kostar å kome seg til og frå den staden turen startar.