Rådmannen veit at han kjem inn på eit ømt tema når han nærmast set nedlegging av skular opp mot innføring av eigedomsskatt. Men truleg er det gjort heilt bevisst for å få pressa fram ein naudsynt diskusjon. Nemleg debatten om skulestrukturen.
Få ting skapar meir kjensler enn nedlegging av skular. Alle har lyst til å ha ein skule i nærleiken, men ikkje alle kan ha det. Difor er det viktig at lokalpolitikarane tek utfordringa og startar diskusjonen no. Dette er viktig både med tanke på økonomien til kommunen, men ikkje minst for å få fram viktige avklaringar før kommunevalet neste år.
Politikarane bør ikkje leggja ned skular i 2007, men det er viktig for veljarane å få vita kvar dei ulike partia står før kommunevalet neste haust. På den måten blir det opp til veljarane å bestemma kva som skal skje. I tillegg vil ei slik sak få opp temperaturen i lokalvalkampen.
Men partia må ikkje berre seia om dei er for eller i mot nedlegging av skular eller ikkje. Dei må også visa korleis dei skal få økonomien i kommunen på plussida på lang sikt.
Me er ikkje i tvil om at Vindafjord kan behalda dagens skulestruktur dersom dei vil, men må politikarane vera villige til å kutta andre stadar. Desse kutta må dei våga å visa alt no. Dette kan gjerast over fleire år, men det betyr enda lengre ventetid på nye investeringar.
Eit anna alternativ er altså innføring av eigedomsskatt. Også dette er eit spørsmål som burde vore avklart før eit val, slik at veljarane veit kva dei stemmer på. Seier ein nei til desse inntektene, betyr det at ein får mindre til andre områder.
Budsjettet skal handsamast 5. desember. Tida fram til då må brukast til å finna fram til alternativ for å dekka inn kostnadane dersom det ikkje skal bli kutt på skulesida. Rådmannen har utfordra politikarane, no må dei bestemma løysingane.