—Ta rett val til rett tid

Den olympiske meisteren gjekk gjennom si eiga livshistorie, heilt frå han som treåring grein seg […]

Den olympiske meisteren gjekk gjennom si eiga livshistorie, heilt frå han som treåring grein seg til å få lov til å starta i femårsklassen i klubbmeisterskapen i ski. Han var to år for ung til å ha lov til å konkurrera, etter dei reglane som galt då. Treåringen vann sjølvsagt.
— Kva rører seg i hovudet på ein treåring som på død og liv må konkurrera, lydde det retoriske spørsmålet frå Alsgaard.
Han forklarte at då han var gut, konkurrerte dei om absolutt alt. Det han gjorde frå han var tre til han var ti år gamal, la eit viktig grunnlag for suksessen i skisporet seinare i livet.

Ærleg mot seg sjølv
Som fjortenåring, lærte Alsgaard fire viktige prinsipp av faren sin. Desse grunnsetningane let seg enkelt overføra til næringslivet.
— Far lærte meg kor viktig det er å vera ærleg mot seg sjølv. Han lærte meg kor viktig det var å ha tålmod, kor viktig det var å trivast, og kor viktig det var å driva med ei kontinuerleg evaluering av innsatsen, forklarte skimeisteren.
Eit poeng ved desse fire prinsippa, er nettopp at det er veldig lett å lura seg sjølv. Om ein går i den fella, så svekkjer ein sin eigen konkurranseposisjon. Anten det er i idretten eller i næringslivet.

Lagarbeid
Etter kvart som han voks til, måtte romeriksguten læra seg samarbeid. Denne evna vart testa då han kom på juniorlandslaget, saman med erkekonkurrentane sine i skisporet.
— Langrenn er ein lagidrett. For at eg skulle koma vidare, måtte eg læra meg å samarbeida med dei verste konkurrentane mine, forklarte Alsgaard.
Han understreka at sjølv om konkurransen mellom Bjørn Dæhlie og han sjølv var knallhard, vart alle konfliktar og all misunning undertrykt av viljen til å utvikla seg sjølv, og at det var nødvendig å arbeida saman som eit lag. Nærmast som i ei bedrift.
— Noregs Skiforbund kan samanliknast med ei bedrift med om lag 45 tilsette. Skiforbundet opererer med dønn flat struktur, forklarte han.

Raske avgjersler
Som eit døme på kor viktig det er å kunna ta raske avgjersler, fortalde Alsgaard om eit skirenn, då vêret plutseleg slo om ti minutt før start. Dermed hadde heile laget feilsmurte ski. Skulle dei få tid til å leggja om til klister, var det ikkje tid til drøfta situasjonen, og vega det eine opp mot det andre.
— Skal me liggja i framkant, må me tora å ta avgjersler, sjølv om det er basert på magekjensla. Raske avgjersler er viktig. Eg trur at somme gonger er det betre å vera på forskot med noko som er brukbart, enn å vera på etterskot fordi ein søkjer etter det optimale, poengterte Alsgaard.
Inntrykket hans er at evna til å kunna ta raske avgjersler når det er nødvendig, ikkje er like godt utvikla i alle delar av næringslivet.
Talent er eit ord Alsgaard ikkje heilt veit korleis han skal definera. Han understreka at verken han sjølv eller dei andre på skilandslaget har hatt spesielle medfødde fysiske eigenskapar.
— Eg trur talent sit i måten å tenkja på. I evna til å ta dei rette vala til rett tid, og i haldningar, meinte Alsgaard.