Ta utfordringa

Eit anna problem er at små deltidsstillingar er spreidd over heile veka. Dermed er det […]

Eit anna problem er at små deltidsstillingar er spreidd over heile veka. Dermed er det vanskeleg for arbeidstakaren å kombinera ein slik jobb med anna arbeid. Dermed blir inntekta ikkje til å leva av for dei som tar imot desse jobbane. Ein skal sjølvsagt ikkje sjå vekk frå at det er arbeidstakarar som ønskjer små stillingar, men dei er ikkje mange.

Mange små stillingar gjer at arbeidsgjevarane lettare klarar å fylla opp bemanningsplanane, spesielt i helgar. Likevel bør det vera mogeleg å få store nok stillingar til at dei kan bli attraktive for fagpersonell. Eit best mogeleg omsorgstilbod er til det beste for alle innbyggjarane.
Dei tillitsvalte har spela ballen over til lokalpolitikarane. Det er valkamp i år, og helse og omsorg blir heilt sikkert eit tema som dukkar opp der. Dei lokale politiske partia bør ta utfordringa og visa i sine valprogram kva dei lokalt har tenkt å gjera for å sikra innbyggjarane i kommunane eit godt tilbod innafor denne sektoren. Men det krev truleg at ein må kutta på andre områder. Dei må ein også våga å visa – sjølv i eit valår.

Ei kjensgjerning er det også at dei fleste som jobbar i helse- og omsorgstenesta, spesielt med små stillingsbrøkar, er kvinner. Det er dei som vert taparane med ei oppdeling i små stillingar. Oppdelinga går utover både noverande inntekt og framtidig pensjon.
Å få auka stillingsbrøkane slik at alle som vil ha det får minst 40 prosent, slik politikarane i Etne gjekk inn for i kommunestyret, må bli meir enn eit mål. Dersom politikarane vil, kan dei bestemme at det skal vera slik.