Takk for det gamle – Ølen!

Tida er komen for å sjå tilbake på året som no snart er til ende […]

Tida er komen for å sjå tilbake på året som no snart er til ende og alt som har hendt av godt og mindre godt. Når eg ser bort frå dei dramatiske hendingar i inn– og utland, er det den lokale «flodbølgja» som har forårsaka så mykje bølgjer også i Ølen og Vindafjord som har oppteke meg og andre.
Samanslåinga av desse to kommunane har for mange vore som eit «tvangsekteskap», der utgifter, medgifter og andre gifter gjorde seg gjeldande og skapte frustrasjon og utrivnad.
Mykje av det me var van med var ikkje godt nok lenger, og det måtte noko «nytt og friskt» inn i biletet, vart det hevda frå høgare hald. Mellom anna måtte me ha eit nytt våpenmerke for den nye kommunen som skulle heita Vindafjord. Så vart det utlyst tevling om å teikna det nye våpenet og pengepremie skulle den få som vann tevlinga.
Denne prosessen har me no lagt bak oss etter mange debattar, bølgjer og etterdønningar! Resultatet er også kjent no, det blir Ølen sitt «gamle» våpen med ny farge på.
Her er det eg vil komma med nokre kommentarar til slutt. Medan prosessen stod på, tykte eg det var best å «liggja lågt i terrenget», og halda tann for tunge, sidan det var «mitt» våpenmerke som skulle skiftast ut.
Men det var både sårande og harmeleg å lesa alt som vart sagt om «gamle Ølen sin vimpel», som ein vindafjording uttala. Då var det like før eg for attende til fagre Etne der eg kom i frå!
Oppreising fekk eg då landets fremste spesialist på heraldikk uttala at «politikarane i Ølen og Vindafjord burde behalda Ølen sitt våpen som var eit sjeldant og fint våpenmotiv».
For 22 år sidan deltok eg i tevlinga om å utforma eit kommunevåpen for Ølen. Stolt var eg då eg vann den tevlinga, sjølv om det ikkje var så mange den gongen som deltok som no. Eg vart så kalla inn til Riksarkivet for å ha ein samtale med riksarkivar Vivian Fjordholm. Eg skulle der få rettleiing om den endelege utforminga av teikninga.
I 1998 fekk eg høgtideleg innbyding til Riksarkivet og opninga av utstillinga «kunst med kongeleg resolusjon, Kommunevåpen i Riksarkivet gjennom hundre år». Det var stort å få vera med på det, og særs gildt var det å få sjå originalutkasta av gamle og nyare våpenmotiv som pryda veggene. Litt hjartebank fekk eg då «mitt» våpen i grønt og kvitt hang saman med dei.
I same høve fekk eg ei bok om dette emnet som gjev ei historisk innføring i heraldikk, utforming og bruk av kommunevåpen, samt lovar og reglar som gjeld for kommunevåpen og flagg.
Til dei mange som har henvendt seg til meg og spurt om eg ikkje veit om åndsverkloven og kva eg vil gjera i høve av at «mitt» våpen no får raud farge, vil eg sitera det lovverket som eg har her:
«Eigedomsretten til våpenet gjer kommunen sterkare rettigheter i forhold til kunstnaren enn det kommunen har i forbindelse med kunstverk elles. Våpenteikningar er å betrakta som eit eksempel på utførelse av våpenet, men er ikkje den einaste mulige.
Kunstnaren har altså ikkje krav på at våpenet bare skal gjengis i den form det hadde ved godkjenninga, og det er ikkje nødvendig å innhente godkjenning for annen bruk av våpenet enn det oppdraget opprinneleg gjekk ut på. Alle steder hvor kommunevåpenet brukes, skal det behandles med respekt og gis ein fremtredende plass. Kommunevåpenet er for kommunen det samme som riksvåpenet er for landet».
Dermed skulle me kunna setta sluttstrek for vidare spekulasjonar og – ikkje minst – vera takksame for at me fekk behalde motivet!
Sjølv tykkjer eg at raudfargen har så sterk signaleffekt at den bør brukast i små dosar og i korte periodar, ikkje heile tida (17. mai og julefeiringa). Av og til skal kommunevåpenet nyttast i samanstillingar med andre våpen (Riks- og fellesvåpen) og merke, det kan lett verta vel mykje raudt! Men, dei høge herrar har talt og me lyt gjera det beste ut av det og «leva med det» som bestemor sa.
Medan våpentevlinga var på det heitaste vart eg beden om å kome til Vågen skule og snakka litt om heraldikk og reglar for utforming av kommunevåpen. 40 blide og ivrige skuleungar tok vel imot meg og høyrde på det eg hadde å fortelja. Så kasta dei seg over pultane og teikna og farga så det spruta, maken til motiverte og engasjerte elevar, det var ein fryd å sjå! Mange fine og morosame utkast vart det, og dei skulle verkeleg hatt premie for flotte resultat!
Til slutt vil eg få takka for dei åra det grøne og kvite våpenet har lyst i mot meg mange stadar i Ølen, samt takka alle dei som har kome til meg med godord og «trøyst».
Så vil eg og tilgje vindafjordingen som respektlaust omtala Ølen sitt våpen som «gamalt, velbrukt og litt utslitt våpen for ein kommune som ikkje lenger eksisterer», han visste vel ikkje betre.
Me vonar og vil at det skal «gå seg til» etterkvart, og at den raude fargen verkeleg vil vera eit symbol på omsorg og varme i nye Vindafjord!


Vennleg helsing
Vigdis Viland