Takk Siri, Amund, John Karsten, Ingvor og resten av gjengen som sa ja til Etne Kulturhus.
Takk for at de tør å satsa!
Takk for at de er positive!
Takk for at de ser på framtida med optimisme!
Slike politikarar vil me ha i Etne!
Optimisme i ei bygd betyr så uendeleg mykje.
Også takk til Ole og Morten som tør satsa med Etne Senter.
Det blei så flott! Lykke til!
Takk Berit, for alle dei flotte konsertane og arrangementa du drar i gang på Etne Samfunnshus. For ikkje snakke om innsatsen du gjer for at me skal få dei nyaste filmane raskast mogeleg til Etne Kino.
Takk Nils for ein flott og variert kulturskule!
Takk Fønix for at me har ein stad å gå ut å ete god mat og nyte god vin. For alle flotte konsertminne. Utestad nr.1!
Takk Frisk treningssenter i Ølen for at de starta opp. Treningssenter på bygda har vore sakna, og me er mange som stortrives hos dykk!
Takk også til alle som eg ikkje har nemnt!
Takk for at de alle tør!
Det betyr så mykje for oss som bur på bygda at de gjer nettopp dette, satse med optimisme! Utan dykk ville tilboda på bygda vore mykje, mykje dårlegare, og sjølvsagt ville då færre vurdert å flytte heim igjen. Det er de som satsar som gjer ein forskjell og som viskar ut skilje mellom by og bygd. Det er de som skaper optimisme og trivsel!
Takk igjen og ein stor «Skakke-skål» for dykk alle!!
Kristin Golf, Etne