Takk til familien Grindheim på Rodin

Etne Pensjonistlag er ein av dei som har hatt fast møtestad der. Også i år, […]

Etne Pensjonistlag er ein av dei som har hatt fast møtestad der. Også i år, den 12. mai, hadde laget siste samkoma der før sommaren. Leiaren i laget, Olav Hermansen, var talsmann for alle dei gilde møte- og feststundene på Rodin. Maten var alltid god og vertskapet tok vel imot oss med smilet ditt Arnt.
Møtet 12. mai blei opna med orientering frå leiaren Olav Hermansen. Me song og Erik Grønstad spela til. Ingeborg Onstein leste eit frihetsdikt om minna for 60 år sidan. Jens Olav Mæland hadde tema frå sin heim og oppveksten sin. Han la stor vekt på kor mykje ein god barndom hadde å seia for eit godt grunnlag i livet.
Innimellom var det song og utlodding.
Det blei lagt planar for busstur ut på sommaren. Det blei også uttrykt ønske om å få fleire med i laget.

BBS